Opplæringslova
§ 28-2 Fylkeskommunen sitt juridiske og økonomiske ansvar
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til vidaregåande opplæring for dei som bur i fylket. Fylkeskommunen har ansvaret for at reglane i lova som legg plikter på fylkeskommunen, skolen og tilsette i skolen, blir oppfylte.
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring etter reglane i §§ 28-3 til 28-5.
Fylkeskommunar som har ledig kapasitet, skal gi tilbod om vidaregåande opplæring til søkjarar frå andre fylke dersom dei har rett til opplæring etter § 5-1. Heimfylket skal refundere utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna fylke enn det dei bur i.
Departementet kan gi forskrift om eller fastsetje i enkeltvedtak kven som skal reknast som busette i fylket. Departementet kan gi forskrift om refusjon av utgiftene til vertsfylket for dei som får skoleplass i eit anna fylke enn det dei bur i.
Departementet kan gi forskrift om det økonomiske ansvaret fylkeskommunen har for utgifter til opphald for elevar i vidaregåande opplæring med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk.
Oslo kommune har dei rettane og pliktene som ein fylkeskommune har etter denne lova.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar § 13-3 i dagens lov og er omtalt i punkt 53 i Prop. 57 L (2022–2023)
Første ledd første punktum slår fast at fylkeskommunen har ansvaret for at alle som har lovfesta rett til vidaregåande opplæring, får det. Det betyr at det er fylkeskommunen som er økonomisk og administrativt ansvarleg for den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen har eit overordna ansvar for den vidaregåande opplæringa og for å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for å oppfylle krava i lova. Ansvaret til fylkeskommunen gjeld for ungdom og vaksne som er busette i fylket. Plikta fylkeskommunen tidlegare hadde til å tilby vidaregåande opplæring til vaksne utan rett, er ikkje vidareført. Forslaget om utvida rett til vidaregåande opplæring og forslaget om å innføre ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering inneber at det vil vere få vaksne utan rett til vidaregåande opplæring, sjå §§ 5-1 og 18-3 og punkt 40 og 43.
Første ledd andre punktum inneber at fylkeskommunen har det juridiske ansvaret for at alle pliktene som reglane i lova legg til fylkeskommunen, skolen, rektor eller andre tilsette i skolen, blir oppfylte. Det betyr at fylkeskommunen kan stillast til ansvar av dei som har rettar etter reglane, av handhevingsstyresmaktene, av tilsynsmakta eller av domstolen. Skolen er ikkje eit eige rettssubjekt, og han kan dermed ikkje ha mynde eller ansvar etter lova. Vidare har fylkeskommunen ansvaret der lova gir opp rektor eller andre tilsette som pliktsubjekt, med mindre det kjem fram av lova og forarbeida at det dreier seg om eit personleg juridisk ansvar. Rektor og tilsette i skolen er pålagde eit personleg juridisk ansvar etter § 12-9 om straffansvar ved brot på reglane om skolemiljøet og etter § 24-3 om opplysningsplikt til barnevernet.
Reglane i første ledd må sjåast i samanheng med kommunelova § 5-3 som fastset at det er fylkestinget som er øvste ansvarleg i fylkeskommunen.
Ansvaret til fylkeskommunen etter andre ledd omfattar barn og unge i barneverninstitusjonar, innlagde og barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar, og innsette i fengsel. Sjå nærare omtale i merknadene til §§ 28-3, 28-4 og 28-5.
Tredje ledd inneber at fylkeskommunane har plikt til å behandle søknader og ta imot søkjarar frå andre fylke dersom dei har ledig kapasitet. Plikta omfattar berre søkjarar med rett til vidaregåande opplæring for ungdom. Fylkeskommunane har ikkje plikt til å ta omsyn til ansvaret etter denne regelen når dei skal dimensjonere det vidaregåande opplæringstilbodet i fylket. Fylkeskommunar som tek inn søkjarar som er busette i eit anna fylke, har krav på refusjon. Departementet kan gi forskrift om slik refusjon av utgifter for elevar som er busette i eit anna fylke, jf. fjerde ledd andre punktum. Plikta til å finansiere skoleplassar i andre fylke fritek ikkje fylkeskommunane frå plikta til å oppfylle retten til vidaregåande opplæring for søkjarar som er busette i fylket.
Fjerde ledd første punktum gir departementet kompetanse til å gi generelle reglar i forskrift og til i enkelttilfelle å gi pålegg om kven som skal reknast som busett i fylket. Kompetansen til å gripe inn i enkelttilfelle kan til dømes brukast der det er usemje mellom to fylkeskommunar.
Femte ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om det økonomiske ansvaret til fylkeskommunen for utgifter til opphald for elevar i vidaregåande opplæring med rett til opplæring i og på norsk teiknspråk. Regelen er omtalt i punkt 29.5.8.
Sjette ledd slår fast at Oslo kommune fullt ut svarer til ein fylkeskommune etter lova.