Opplæringslova
§ 28-3 Ansvar for opplæringa til dei som bur i barnevernsinstitusjonar
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for dei som bur i barnevernsinstitusjonar i fylket. Dette gjeld berre institusjonar som er godkjende etter barnevernsloven § 10-17.
Fylkeskommunen der ein barnevernsinstitusjon ligg, har rett til refusjon for kostnader til opplæringa frå fylkeskommunen der barnet eller den unge var busett då vedtaket om plassering vart gjort. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.
Blir opplæringa gitt i barnevernsinstitusjon, skal institusjonen sørgje for dei lokala som trengst.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar § 13-2 i dagens lov og er omtalt i punkt 53 i Prop. 57 L (2022–2023)
Første ledd slår fast at fylkeskommunane har ansvaret for både grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring til barn og unge som bur i godkjende statlege, regionale og kommunale barneverninstitusjonar. Fylkeskommunane der institusjonen ligg, er fagleg, juridisk og økonomisk ansvarleg for å oppfylle rettane etter opplæringslova. Ansvaret til fylket der institusjonen ligg, omfattar også barn og unge frå andre fylkeskommunar, som bur i institusjonen.
Andre ledd slår fast at fylkeskommunane der institusjonen ligg, har krav på refusjon for opplæring som blir gitt fra den.
Tredje ledd klargjer at det berre er når opplæringa skjer i institusjonen, at institusjonen skal sørgje for lokale til formålet. Ansvaret omfattar både lokale til sjølve opplæringa og nødvendige tilleggslokale, som til dømes personalrom. Lokala skal vere gratis for fylkeskommunen. Dersom opplæringa går føre seg utanfor institusjonen, til dømes i ein ordinær skole, har ikkje institusjonen ansvar for lokala.