Opplæringslova
§ 28-4 Ansvar for opplæringa til innlagde og for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for dei som er innlagde i helseinstitusjonar i fylket. Fylkeskommunen skal også oppfylle denne retten for barn og søsken til innlagde i helseinstitusjonar når institusjonsopphaldet truleg vil føre til meir enn fjorten dagars fråvær per skoleår for barnet eller søskenet.
Ansvaret til fylkeskommunen omfattar berre innlagde som får spesialisthelsetenester finansierte av staten, og barn og søsken til innlagde som får slike tenester.
Fylkeskommunen der ein helseinstitusjon ligg, har rett til refusjon for kostnader til opplæringa frå fylkeskommunen der pasienten eller barnet eller søskenet til pasienten var busett på innleggingstidspunktet. Refusjonsretten gjeld berre ved innlegging i institusjonar som tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige, og innlegging i institusjonar i det psykiske helsevernet. Departementet kan gi forskrift om satsar for refusjon.
Blir opplæringa gitt i helseinstitusjon, skal institusjonen sørgje for dei lokala som trengst.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar delvis § 13-3a i dagens lov, og er delvis ny. Paragrafen er omtalt i punkt 53 i Prop. 57 L (2022–2023)
Første ledd første punktum slår fast at fylkeskommunane har ansvaret for både grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring til barn, unge og vaksne som er pasientar innlagde ved helseinstitusjonar geografisk plasserte innanfor fylkesgrensa. Fylkeskommunane der institusjonen er lokalisert, har berre ansvar for dei som er «innlagde». Dette betyr at elevar som får behandling ved ein poliklinikk, som hovudregel er ansvaret til bustadkommunen eller bustadfylket. I enkelte tilfelle kan ansvaret også omfatte dagpasientar og polikliniske pasientar, når tilknytinga pasienten har til institusjonen, kan likestillast med det å vere døgnpasient.
Første ledd andre punktum slår fast at fylkeskommunane har ansvaret for å oppfylle retten til grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring for barn og unge som er pårørande til foreldre eller søsken som er innlagde i helseinstitusjonar. Regelen gjeld barn som er pårørande etter helsepersonellova § 10 a. Dette er mindreårige barn som har foreldre eller søsken som er pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengnad eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Hovudregelen også for elevar som er pårørande, bør vere at dei følgjer opplæringa ved heimskolen. Opplæringa kan givast som fjernundervisning dersom vilkåra for det er oppfylte. Det at ein elev ikkje kan komme på skolen fordi eleven er pårørande, kan vere ein god grunn til å gi opplæring som fjernundervisning og ein særleg grunn til å la eleven få fjernundervisning andre stader enn på skolen, sjå § 14-4. Om det er trygt og pedagogisk forsvarleg å gi opplæringa som fjernundervisning, må vurderast konkret, og det må leggjast til rette for at lærar og elev kan kommunisere effektivt.
Fylkeskommunen bør opne for fleksible løysingar og vektleggje omsynet til eleven og kvar enkelt familie og samarbeide med heimskolen til eleven om opplæringa. Det beste for eleven skal liggje til grunn for vurderingane, og eleven skal bli høyrd. Ansvaret til fylkeskommunen for opplæringa oppstår først når pasienten har ei forventa liggjetid på minst fjorten dagar per skoleår. I enkelte tilfelle kan ein pasient, sjølv med alvorleg eller kronisk tilstand, ha fleire kortare opphald i institusjonen. Likestilt med fjorten dagar liggjetid er derfor når pasienten har gjentekne kortare opphald i helseinstitusjon, som samla er forventa å medføre meir enn fjorten dagars fråvær frå ordinær skolegang for eleven. I tilfelle der eleven er avgangselev, skal ha eksamen eller liknande og derfor ikkje bør miste opplæring i det heile, er fylkeskommunane forventa å finne fram til løysingar i samarbeid med heimskolen uavhengig av kravet til liggjetid. I at institusjonsopphaldet må medføre «fråvær» frå opplæringa for barnet eller søskenet, ligg at det først og fremst er elevar som bur på eller i nær tilknyting til helseinstitusjonen på grunn av sjukdom hos søsken eller foreldre, og som av ulike grunnar har lang reiseveg mellom sjukehus og heimskole, som blir omfatta av ansvaret til fylkeskommunen.
Andre ledd slår fast at ansvaret til fylkeskommunen omfattar statleg spesialisthelseteneste organisert i helseføretak, som igjen er eigd av dei regionale helseføretaka. Ansvaret omfattar også private helseinstitusjonar som er finansierte av dei regionale helseføretaka.
Tredje ledd slår fast at fylkeskommunen der institusjonen ligg, har krav på refusjon av utgifter til opplæring frå den fylkeskommunen der pasienten eller den pårørande var busett på tidspunktet for innlegging. Refusjonsretten er avgrensa til å gjelde utgifter knytte til opplæring i institusjonar som tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige og pasientar i institusjonar innanfor psykisk helsevern. Tredje punktum gir departementet mynde til å fastsetje reglar om refusjon i forskrift.
Fjerde ledd klargjer at institusjonen skal sørgje for lokale når opplæringa skjer i institusjonen. Ansvaret omfattar både lokale til sjølve opplæringa og nødvendige tilleggslokale, som til dømes personalrom. Lokala skal vere gratis for fylkeskommunen. Dersom opplæringa går føre seg utanfor institusjonen, til dømes i ein ordinær skole, har ikkje institusjonen ansvar for lokala.