Opplæringslova
§ 28-7 Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til skyss for elevar i grunnskolen og i den vidaregåande skolen og for deltakarar i den førebuande opplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne. Det er likevel kommunen som skal oppfylle retten til skyss for grunnskoleelevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg.
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for elevar i den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje, tilsyn og losji for grunnskoleelevar og deltakarar i førebuande opplæring for vaksne.
Når fylkeskommunen sørgjer for skyss for elevar i grunnskolen og deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne, skal kommunen dekkje utgiftene som svarer til persontakst for enkeltreiser på strekninga.
Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Blir dei ikkje samde, kan statsforvaltaren gi pålegg om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast.
Kommunen har ansvar for innlosjering av elevar i grunnskolen etter § 4-3. Fylkeskommunen har ansvar for å hjelpe elevar i den vidaregåande opplæringa med å skaffe bustad etter § 9-3.
Departementet kan gi forskrift om
- skoleskyss og skyssgodtgjersle
- heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast i samsvar med kapittel 9
- heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører § 13-4 i dagens lov og er omtalt i punkt 37 i Prop. 57 L (2022–2023)
Ansvaret fylkeskommunen har for skyss etter første ledd, omfattar alle elevar med unntak av grunnskoleelevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Det betyr at når grunnskoleelevar, elevar i vidaregåande opplæring eller vaksne har rett til skyss på grunn av lengda på skolevegen, nedsett funksjonsevne, skade eller sjukdom, er fylkeskommunane ansvarlege for skyssen. Fylkeskommunane har også ansvaret for å oppfylle retten til båtskyss. Mynde til å gjere vedtak om skyss kan delegerast.
I nokre tilfelle kan ein grunnskoleelev ha rett til skyss etter fleire reglar. Til dømes kan ein elev ha rett til skyss både på grunn av lengda på skolevegen og fordi skolevegen er særleg farleg. I slike tilfelle har fylkeskommunane ansvaret for å oppfylle retten til skyss.
Andre ledd slår fast at ansvaret for reisefølgje og tilsyn er fordelt mellom kommunane og fylkeskommunane på same måten som ansvaret for opplæringa.
Tredje ledd slår fast at kommunane skal dekkje vanleg persontakst for grunnskoleelevar og vaksne elevar og betale refusjon til fylkeskommunane for dette. Refusjonen skal svare til den ordinære billettprisen for strekninga, uavhengig av kva som er dei reelle utgiftene til fylkeskommunen. «Persontakst» vil seie den lågaste prisen på ordinær enkeltbillett. Dette blir fastsett lokalt. Kommunane kan dekkje reisekostnadene ved å nytte rabattordningar som er knytte til den enkelte reisa, dersom slike rabattordningar finst. Det er ikkje nok at kommunane betaler for månadskort, halvårsskort eller årskort.
Det følgjer av første ledd andre punktum at kommunane har ansvaret for å oppfylle retten til skyss for grunnskoleelevar som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg.
Så lenge rettane blir oppfylte, kan kommunane vise elevane til ledige plassar på skyssruter som fylkeskommunane allereie har etablert. Kommunane skal i slike tilfelle dekkje vanleg persontakst. Dersom fylkeskommunane må etablere nye ruter for å skysse grunnskoleelevar som kommunane er ansvarlege for, vil det ikkje vere tilstrekkeleg med refusjon etter persontakst.
Det følgjer av fjerde ledd første punktum at fylkeskommunane og kommunane skal samarbeide om organiseringa av skoleskyssen. Kommunane skal ta organiseringa av skyssen med i vurderinga når dei fastset timeplanen og skoleruta. Andre punktum gir statsforvaltaren mynde til å gripe inn dersom det er usemje om organisering og finansiering av skoleskyssen.
Femte ledd slår fast at kommunane har ansvar for innlosjering av elevar i grunnskolen når dei ikkje har rett til skyss fordi dagleg skyss ikkje er forsvarleg, jf. § 5-3. Fylkeskommunane har ansvar for å hjelpe elevar i vidaregåande opplæring med å skaffe bustad og om nødvendig byggje elevheimar dersom elevane bur sånn til eller så langt borte at dei ikkje kan nytte dagleg skyss. Elevar i vidaregåande opplæring har, i motsetning til elevar i grunnskolen, ikkje rett til innlosjering og må betale for bustad sjølv.
Sjette ledd gir departementet heimel til å gi nærare reglar i forskrift om skyss, godtgjersle, reisefølgje, losji og refusjon ved skyss mellom fylke.