Opplæringslova
§ 28-8 Ulykkesforsikring
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for ulykkesforsikring for elevar og vaksne deltakarar. Fylkeskommunen skal også sørgje for ulykkesforsikring for dei som har læretid i bedrift, der yrkesskadeforsikring ikkje er dekkjande.
Plikta til å sørgje for ulykkesforsikring gjeld ikkje leksehjelpordninga, skolefritidsordninga eller kulturskolen.
Departementet kan gi forskrift om ulykkesforsikring.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar § 13-3 b i dagens lov og er nærare omtalt i punkt 55 i Prop. 57 L (2022–2023)
Første ledd første punktum vidarefører plikta kommunen og fylkeskommunen har til å sørgje for ulykkesforsikring for elevar. Plikta til kommunen og fylkeskommunen er utvida til også å omfatte dei som deltek i opplæring særleg organisert for vaksne. Elevar som er utplasserte i arbeidslivet og ikkje blir rekna som arbeidstakarar, til dømes elevar som har praksisdag på ungdomsskolen, eller elevar som har praksis i yrkesfagleg fordjuping (YFF), skal alltid vere dekte i kraft av å vere elevar. Tilsvarande gjeld for vaksne deltakarar. Forsikringa vil likevel vere sekundær i forhold til dei dekningsmoglegheitene som blir tilbydde gjennom folketrygdlova og yrkesskadeforsikringslova.
Plikta i første ledd kan oppfyllast gjennom privat forsikring eller gjennom sjølvassuranseordning. Departementet kan gi nærare regulering om korleis plikta skal oppfyllast, i forskrift, sjå merknad til tredje ledd nedanfor.
Dei som har teikna kontrakt om læretid i bedrift, vil vere arbeidstakarar i bedrifta og gjennom dette vere omfatta av yrkesskadeforsikringslova. Første ledd andre punktum inneber at fylkeskommunane skal sørgje for ulykkesforsikring på vegen mellom heimen og arbeidsstaden for dei som har læretid i bedrift, ettersom skadar oppstått på denne strekninga ikkje blir dekte etter yrkesskadeforsikringslova. Forsikringa skal gjelde både på reise til den faste lokasjonen til lærebedrifta og på reise mellom heim og arbeidsstad, så framt yrkesskadeforsikringslova ikkje dekkjer forholdet.
Andre ledd slår fast at det ikkje gjeld ei plikt til å ulykkesforsikre elevar medan dei får leksehjelp, er i skolefritidsordninga eller på kulturskolen. Sjølv om det ikkje ligg føre ei lovpålagd plikt til å teikne ei ulykkesforsikring som dekkjer desse situasjonane, hindrar ikkje regelen kommunen og fylkeskommunen i å teikne slik dekning på eige initiativ. I praksis vil ulykkesforsikringa til kommunen og fylkeskommunen ofte gi betre dekning enn minimumskrava i lova. Kva ulykkesforsikringa til den enkelte kommune eller fylkeskommune dekkjer, vil vere omfatta av informasjonsplikta til kommunen og fylkeskommunen etter § 10-8.
Kommunen har ikkje plikt til å ulykkesforsikre dei som får privat opplæring i heimen.
Tredje ledd gir departementet heimel til å gi nærare reglar i forskrift om ulike sider av forsikringsordninga, inkludert om plikta til å sørgje for ulykkesforsikring skal kunne oppfyllast ved sjølvassuranse.