Opplæringslova
§ 29-1 Klageinstans for enkeltvedtak
Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter opplæringslova.
For enkeltvedtak som ikkje gjeld opplæring eller skoleskyss, reisefølge og tilsyn i forbindelse med skyss, gjeld likevel reglane om klageinstans i forvaltningsloven § 28. I den vidaregåande opplæringa gjeld reglane om klageinstans i forvaltningsloven § 28 også for vedtak om inntak av gjesteelevar og vedtak om kva for utdanningsprogram, programområde og skole ein søkjar skal takast inn på.
Departementet gir forskrift om kven som skal vere klageinstans for enkeltvedtak om individuell vurdering.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 15-2 og er omtalt i punkt 59 i Prop. 57 L (2022–2023) Paragrafen gjeld ikkje for saker som gjeld det fysiske skolemiljøet etter §§ 12-2 og 12-7, sjå § 12-7 andre ledd.
Første ledd slår fast at staten ved departementet er klageinstans for vedtak etter opplæringslova. Dette gjeld vedtak både i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa. Departementet kan delegere myndet etter dei vanlege reglane om delegering.
Andre ledd gjer unntak for vedtak som ikkje gjeld opplæring eller tilrettelegging for opplæring og skoleskyss og reisefølgje og tilsyn i samband med skyss. For slike vedtak gjeld reglane i forvaltningslova om klageinstans.
Døme på vedtak som ikkje skal behandlast av staten, er vedtak som gjeld skolefritidsordning, leksehjelp og personalsaker. I desse tilfella gjeld reglane om klageinstans i forvaltningslova § 28. Det vil seie at kommunen eller fylkeskommunen er klageinstans.
I tillegg skal fylkeskommunane klagebehandle vedtak om kva for ein vidaregåande skole ein søkjar skal takast inn på, inntak av gjesteelevar i vidaregåande opplæring og vedtak som gjeld utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på vidaregåande trinn 2 og 3.
Tredje ledd fastset at departementet skal gi forskrift om klageinstans som avvik frå normalordninga i forvaltningslova når det gjeld klage på individuell vurdering.