Opplæringslova
§ 5-1 Rett til vidaregåande opplæring
Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet. Det gjeld også dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. Retten gjeld berre for dei som truleg skal vere i Noreg i meir enn tre månader i samanheng.
Retten til vidaregåande opplæring etter dette kapittelet varer fram til ein har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, men ikkje lenger enn ut det skoleåret som tar til det året ein fyller 24 år. Dei som då ikkje har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd, kan velje vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3 frå det skoleåret som tar til det året dei fyller 19 år.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd første punktum, kan fram til det året dei fyller 19 år etter søknad i staden få vidaregåande opplæring etter § 18-3 dersom det er særlege grunnar for det. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd andre punktum, har etter søknad rett til å få vidaregåande opplæring etter § 18-3.
Retten til vidaregåande opplæring gjeld ikkje opplæring i fag som allereie er bestått, med mindre anna går fram av forskrift gitt etter siste ledd.
Dei som har rett til vidaregåande opplæring, skal komme inn på eitt av tre utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 som dei har søkt på. Dei skal deretter komme inn på vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3, dersom dei oppfyller vilkåra for inntak. Både trinn 2 og trinn 3 skal byggje på det førre trinnet.
Departementet kan gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring, og om inntaket til vidaregåande opplæring.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 3-1 og er omtalt i punkt 40.2 og 40.6i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd fastset vilkåra for å ha rett til vidaregåande opplæring for ungdom.
Vilkåret i første ledd første punktum om «fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring» er ei vidareføring av dagens reglar. Nærare reglar om kva som skal til for å oppfylle kravet, kjem fram av forskrift, jf. forskriftsheimelen i siste ledd.
Første ledd andre punktum om rett til vidaregåande opplæring for personar med opplæring frå eit anna land som ikkje blir godkjend, er også ei vidareføring av dagens reglar og betyr at opplæringa ikkje gir generell studiekompetanse etter GSU-lista (generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar) eller ikkje blir godkjend av norske styresmakter som sidestilt med norsk fag- eller sveinebrev. Dersom opplæringa ikkje har vorte vurdert av norske styresmakter, skal ho i utgangspunktet reknast som ikkje godkjend.
Første ledd tredje punktum presiserer at retten til vidaregåande opplæring berre gjeld for dei som «truleg» skal vere i Noreg i meir enn tre månader i strekk. Regelen inneber at dei som er i Noreg på ferie eller andre korte opphald, ikkje får rett til vidaregåande opplæring. For dei aller fleste som søkjer om opphaldsløyve, vil det vere klart frå første dag at dei sannsynlegvis skal opphalde seg i Noreg i meir enn tre månader. Sjå også merknaden til § 2-1 andre ledd første punktum. Sjølv om ein har rett til vidaregåande opplæring, vil ein ikkje ha rett til å byrje i slik opplæring med ein gong. Søknadsfristar og reglar om inntak er avgjerande for når ein kan nytte seg av retten til vidaregåande opplæring.
Andre ledd første punktum fastset at retten til vidaregåande opplæring gjeld fram til den enkelte har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse. Det er dermed inga tidsavgrensing, slik som i dagens lov § 3-1 første ledd. Med studiekompetanse siktar ein til dei som har, eller fyller vilkåra for å få, eit vitnemål som gir generell studiekompetanse. Med yrkeskompetanse er det meint for det første dei som har eit fag- eller sveinebrev, uavhengig av om dei også har fullført og bestått eit vidaregåande opplæringsløp etter læreplanverket som gir grunnlag for vitnemål. Dei som til dømes har fått fag- eller sveinebrev etter dagens reglar om praksiskandidatar, vil derfor også reknast for å ha oppnådd yrkeskompetanse. For det andre er det meint dei som har oppnådd yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa utan fag- eller sveinebrev. Dette vil typisk gjelde dei som går opplæringsløp i yrkesfaglege utdanningsprogram som i dag legg opp til tre år som elev, og ikkje to år som elev og to år i lærebedrift. Dei som har oppnådd ein sluttkompetanse på eit lågare nivå enn studie- eller yrkeskompetanse, til dømes dei som har oppnådd praksisbrev, vil ha retten til vidaregåande opplæring i behald fram til dei har oppnådd full studie- eller yrkeskompetanse.
Retten til vidaregåande opplæring for ungdom etter § 5-1 blir avgrensa mot retten til vidaregåande opplæring for vaksne. Det er derfor presisert i andre ledd første punktum at retten ikkje gjeld lenger enn ut det skoleåret som startar det året ein fyller 24 år. Andre ledd andre punktum slår deretter fast at dei som det året dei fyller 24 år, ikkje har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse, har rett til vidaregåande opplæring for vaksne etter reglane i § 18-3.
Personar i alderen 19 til 24 år som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd, kan velje mellom opplæring for ungdom eller for vaksne. Dette er presisert i tredje ledd og er ei naturleg følgje av § 18-3, som presiserer at rett til vidaregåande opplæring for vaksne gjeld frå det skoleåret som startar det året den enkelte fyller 19 år. Sjå også merknadene til § 18-3 om vidaregåande opplæring for vaksne.
Fjerde ledd første punktum slår fast at den som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom etter første ledd første punktum, etter søknad i staden kan få vidaregåande opplæring for vaksne etter § 18-3. Vilkåret om særlege grunnar viser til at dei som har rett til opplæring for ungdom, som hovudregel skal gjennomføre opplæringa etter reglane som gjeld for slik organisering av opplæringa. Eit døme på særlege grunnar kan vere at søkjaren er i arbeid og derfor har vanskeleg for å gjennomføre opplæring for ungdom. Eit sentralt moment i vurderinga av om det ligg føre særlege grunnar, er om søkjaren har behov for eit meir tilpassa opplegg enn det som kan tilbydast innanfor opplæring for ungdom.
Det følgjer av fjerde ledd andre punktum at dei som ikkje får godkjent den utanlandske opplæringa si i Noreg, og derfor har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1 første ledd andre punktum, kan velje mellom vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne. Fordelen med å velje opplæring for vaksne er at tilbodet kan byggje på realkompetansen til søkjaren og lettare kan tilpassast arbeid og familieliv.
Femte ledd fastset hovudregelen om at den som har bestått eit fag, ikkje har rett til meir opplæring i faget. Ein har dermed ikkje rett til meir opplæring med sikte på til dømes å forbetre karakterane sine. Regelen inneheld unntak for dei tilfella der anna er regulert i forskrift, slik som dagens forskriftsreglar om at elevar som tek fag på vidaregåande nivå medan dei går på ungdomstrinnet, og elevar som gjer omval, kan velje om faget skal godkjennast, eller om dei vil ta faget på nytt.
Sjette ledd fastset hovudregelen om inntak til vidaregåande opplæring. Den vidaregåande opplæringa er delt inn i utdanningsprogram, som igjen er delt inn i programområde. For å få rett til inntak på eitt av tre utdanningsprogram er det ein føresetnad at ein har søkt på tre utdanningsprogram. Ein kan ikkje oppnå ein betre rett ved å berre søkje på eitt eller to utdanningsprogram. Retten gjeld også berre utdanningsprogram; ein har ikkje rett til inntak på ein bestemt skole eller éin av tre skolar. Plasseringa av elevane på dei ulike skolane kan regulerast av nasjonale og lokale forskrifter.
At ein har rett til vidaregåande trinn 2 og 3 (vg2 og vg3) som byggjer vidare på det førre trinnet, inneber at ein har rett til inntak på opplæring som gjer at ein kan oppnå studie- eller yrkeskompetanse. Tilbodsstrukturen i læreplanverket viser kva opplæringsløp som fører fram til studiekompetanse og yrkeskompetanse. Tilbodsstrukturen opnar for kryssløp innanfor nokre utdanningsprogram og programområde. Fylkeskommunen kan ikkje oppfylle plikta etter sjette ledd ved å berre tilby kryssløp dersom ungdommen ikkje har søkt om dette.
Som presisert i sjette ledd føreset retten til vg1, vg2 og vg3 at vilkåra for inntak til vidaregåande opplæring på dei ulike trinna er oppfylte. Vilkåret for inntak på vg1 er fastsett i første ledd, og det er gitt utfyllande reglar i forskrift. Vilkåra for inntak til vg2 og vg3 er fastsette i forskrift.
Sjuande ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om kven som har rett til vidaregåande opplæring, det vil seie nærare regulering av kven som blir rekna som å fylle krava om rett til vidaregåande opplæring i § 5-1 første ledd. Forskriftsheimelen presiserer også at departementet kan gi forskrift om inntak, inkludert om krav til søknader, poengberekning og førerett. Det kan med heimel i forskriftsheimelen om inntak givast forskriftsreglar om inntak til vidaregåande opplæring, inkludert formidling til læreplass og inntak til påbygging etter § 5-7. Forskriftsheimelen gjer det også mogleg for departementet å kunne innføre overordna forskriftsreglar som bind fylkeskommunane til visse inntaksordningar.