Opplæringslova
§ 5-3 Planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet
Fylkeskommunen skal i planlegginga og utbygginga av det vidaregåande opplæringstilbodet leggje stor vekt på kva kompetanse samfunnet treng.
Fylkeskommunen skal gi tilbod om praksisbrev.
Departementet kan krevje at fylkeskommunen skal ha eit vidaregåande opplæringstilbod som er ope for søkjarar frå heile landet.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av § 13-3 i dagens lov og er omtalt i punkt 40.9 og 42.8 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd slår fast at fylkeskommunen skal leggje stor vekt på behovet i samfunnet for kompetanse ved dimensjoneringa av det vidaregåande opplæringstilbodet. Dette utelukkar ikkje at fylkeskommunen også vektlegg andre omsyn når fylkeskommunen dimensjonerer tilbodet sitt. I vurderinga av behovet i samfunnet for kompetanse er det nærliggjande at fylkeskommunen først tek omsyn til og vurderer behovet regionalt. Det er likevel naturleg at fylkeskommunen også tek omsyn til behovet utover regionen sin.
Andre ledd vidarefører dagens lov § 13-3 femte ledd andre punktum og pålegg fylkeskommunane å ha tilbod om praksisbrevopplæring. Fylkeskommunane vel sjølve kva utdanningsprogram dei skal gi tilbod om praksisbrev i, omfanget av tilbodet og om dei skal gi tilbod om praksisbrev innanfor fleire lærefag. Praksisbrevkandidatar skal få bedriftsdelen av opplæringa i bedrift. Det betyr at det ikkje kan givast tilbod om praksisbrevopplæring dersom kandidatane ikkje kan formidlast til læretid i bedrift.
Tredje ledd vidarefører dagens lov § 13-3 fjerde ledd andre punktum og gir departementet heimel til å påleggje fylkeskommunane å drive vidaregåande opplæringstilbod med heile landet som inntaksområde.