Opplæringslova
§ 5-4 Innhald, vurdering og dokumentasjon i den vidaregåande opplæringa
Den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, jf. §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd, tilbodsstrukturen, jf. § 1-6 tredje ledd, og fag- og timefordelinga, jf. § 1-6 fjerde og femte ledd.
Elevane, privatistane, praksiskandidatane og dei som har læretid i bedrift, har rett til individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa. Departementet gir forskrift om individuell vurdering, om klage på vurdering og om dokumentasjon. Departementet kan gi forskrift om at mangel på vurderingsgrunnlag eller høgt fråvær kan føre til tap av rett til individuell vurdering med karakter i faget.
Departementet kan gi forskrift om godskriving og godkjenning av tidlegare gjennomgått opplæring eller praksis.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 3-4 og er omtalt i punkt 11, sjå særleg punkt 11.5.2 og 11.5.3 i Prop. 57 L (2022–2023).
Det følgjer av første ledd at den vidaregåande opplæringa skal vere i samsvar med måla og prinsippa for opplæringa, fag- og timefordelinga og tilbodstrukturen. Det er vist til forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa og forskrift om læreplanar i fag for å gjere tydeleg at det i all hovudsak er desse forskriftene som regulerer innhaldet i opplæringa. Det er også vist til forskrift om fag- og timefordelinga som regulerer omfanget av opplæringa. Elevar som byter skole, skal følgje fag- og timefordelinga ved den nye skolen. At opplæringa skal vere i samsvar med fag- og timefordelinga inneber ikkje at elever som har hatt fråvær for opplæringa har ein rett til å ta igjen dei aktuelle timane. Forskrift om overordna mål og prinsipp for opplæringa, læreplanane i fag og fag- og timefordelinga utgjer det som i dag blir kalla «Læreplanverket for Kunnskapsløftet». Tilbodsstrukturen er «kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse».
Opplæringa skal vere eigna til å nå dei måla og prinsippa som forskriftene fastset. Vurderinga av om opplæringa er i samsvar med læreplanar i fag eller læreplanverket samla sett, er ei skjønnsmessig vurdering. Skjønnet er eit lovbunde skjønn, samtidig som fleire av vurderingane må gjerast ut frå pedagogisk-fagleg kunnskap og erfaring.
Ei «individuell vurdering» etter andre ledd første punktum kan omfatte både undervegsvurderingar og sluttvurderingar.
Døme på sluttvurderingar kan vere standpunktkarakter, eksamen og fag- og sveineprøve. Det er fylkeskommunen som har ansvaret for å oppfylle retten til individuell vurdering og dokumentasjon, jf. § 28-2.
Andre ledd andre punktum fastslår at departementet skal fastsetje forskrift om kva for nokre individuelle vurderingar og kva slags dokumentasjon av opplæringa elevane har rett til etter andre ledd første punktum. Departementet skal også gi forskrift om vurdering for privatistar og praksiskandidatar, jf. §§ 23-1 og 23-2. Sjå også omtale av prøvenemnder osv. i punkt 42. Døme på dokumentasjon er vitnemål, fag- og sveinebrev og kompetansebevis, men regelen opnar også for at departementet fastset andre former for dokumentasjon.
Det er opna for at departementet fastset forskrift om både karakterar og andre vurderingsformer, inkludert forskrift om når det ikkje er grunnlag for å gi vurdering med karakter. Departementet kan også gi forskrift om fritak frå vurdering med karakter.
Departementet skal også fastsetje forskrift om klage på vurdering. Departementet kan gi forskrift om kven som er klageinstans for enkeltvedtak om individuell vurdering, sjå § 29-1 tredje ledd.
Departementet kan etter andre ledd tredje punktum gi forskrift om tap av retten til individuell vurdering med karakter når det ikkje er grunnlag for å gi slik vurdering eller som følgje av høgt fråvær.
Tredje ledd vidarefører at departementet kan gi forskrift om godskriving og godkjenning av tidlegare gjennomgått opplæring eller praksis innanfor både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram.