Opplæringslova
§ 5-5 Rett til omval
Elevar og dei som har læretid i bedrift har rett til så mange omval dei ønskjer, innan søknadsfristen for inntak det kalenderåret dei fyller 19 år. Dei som ikkje har nytta retten til omval før denne fristen, har rett til eitt omval seinare.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 3-1 fjerde ledd og er omtalt i punkt 40.4 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første punktum slår fast at elevar og dei som har læretid i bedrift har rett til så mange omval dei ønskjer fram til søknadsfristen for inntak det året dei fyller 19 år. Dette er ei utviding frå dagens lov, som avgrensar talet på omval til eitt. For at ikkje dei over 19 år skal ha ein dårlegare rett til omval enn i dag, er det i andre punktum presisert at dei som ikkje har nytta retten til omval før 19-årsfristen i første punktum, har rett til eitt omval.
Dei som ønskjer å gjere omval, må gjere dette i samband med inntak. Ein har ikkje rett til omval midt i skoleåret.