Opplæringslova
§ 5-6 Rett til læreplass eller anna tilbod på vidaregåande trinn 3
Søkjarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læretid i bedrift, har rett til læreplass. Dersom fylkeskommunen ikkje kan gi søkjaren tilbod om læreplass, har søkjaren rett til eit anna opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet han eller ho har gjennomført på vidaregåande trinn 2. Departementet kan gi forskrift om opplæringstilbodet til dei som ikkje får læreplass.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei delvis vidareføring av dagens lov § 3-3 femte ledd, og er omtalt i punkt 42.3 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen slår fast at dei som oppfyller vilkåra for læretid i bedrift, først og fremst har rett til læreplass og skal formidlast til dette. Vilkåra for formidling til læretid er tema i § 7-7 og forskrifter med heimel i denne. Fylkeskommunen kan ikkje stille andre krav for å formidlast til læreplass enn det som følgjer av forskrift.
Det kan vere tilfelle der det ikkje er tilstrekkeleg tilgang til læreplassar, og fylkeskommunen ikkje kan gi alle som søkjer, tilbod om plass. Dei som sjølv om dei oppfyller vilkåra for formidling, ikkje får tilbod om læreplass, har rett til eit anna opplæringstilbod i vidaregåande trinn 3 som leier fram til fag- eller sveineprøve. Det er fylkeskommunane som har ansvar både for formidling til læreplass og for å gi eit anna tilbod til dei som ikkje får læreplass. Tredje punktum gir departementet heimel til å regulere opplæringstilbodet fylkeskommunen har til dei som ikkje får læreplass, nærare i forskrift.