Opplæringslova
§ 5-8 Gratis vidaregåande opplæring
Den vidaregåande opplæringa skal vere gratis. Fylkeskommunen kan likevel krevje at elevar og dei som har læretid i bedrift, dekkjer utgifter til individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha.
Departementet kan gi forskrift om at elevar skal halde seg med læremiddel og digitalt utstyr.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei vidareføring av dagens lov § 3-1 niande ledd og er omtalt i punkt 40.7.
Første ledd første punktum slår fast hovudregelen om at den vidaregåande opplæringa skal vere gratis. I andre punktum blir det opna for nokre unntak frå denne hovudregelen. Fylkeskommunen kan til dømes krevje at elevane dekkjer utgiftene til kokkeknivar, enklare verneutstyr eller avanserte kalkulatorar. Det er derimot naturleg at det er fylkeskommunen som dekkjer meir kostbart verneutstyr, dersom slikt utstyr er nødvendig i opplæringa på grunn av helse og tryggleik. Det same vil normalt gjelde dersom det er tale om utstyr som elevane berre vil ha bruk for i ein liten del av opplæringa. Fylkeskommunen kan berre krevje at elevar og dei som har læretid i bedrift dekkjer utstyr som vanlegvis er nødvendig for opplæringa. Unntaket frå hovudregelen om at opplæringa skal vere gratis, opnar ikkje for at fylkeskommunen kan krevje at elevane betaler for relativt kostnadskrevjande utstyr.
I avgrensinga «som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha» ligg det at utstyr som varetek det særlege behovet til den enkelte eleven, fell utanfor og dermed alltid skal vere gratis. Det kan til dømes gjelde ekstrautstyr som eleven har rett til etter reglane om fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel.
Fylkeskommunen vel sjølv om han vil krevje at elevar og dei som har læretid i bedrift, dekkjer utgifter til individuelt utstyr som opplæringa til vanleg gjer det nødvendig å ha. Dette valet byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve. Spørsmålet om det gjeld individuelt utstyr som opplæringa «til vanleg gjer det nødvendig å ha», byggjer derimot på eit lovbunde skjønn.
Fylkeskommunen har ansvaret for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr. Elevane kan ikkje påleggjast å dekkje slike utgifter med mindre det følgjer av forskrift, jf. andre ledd. Høvet departementet har til å gi slike forskrifter, må sjåast i lys av hovudregelen om at opplæringa som utgangspunkt skal vere gratis.
Ettersom vidaregåande opplæring skal vere gratis, kan ikkje fylkeskommunen krevje at elevane betaler for deltaking på aktivitetar og skoleturar som blir gjennomførte som ein del av opplæringa. Det er likevel mogleg å samle inn pengar til slike turar og aktivitetar gjennom dugnad og anonym innsamling. Sjå også merknad til § 2-5 om gratis grunnskoleopplæring.