Opplæringslova
§ 5-9 Rett til vidaregåande opplæring for dei som ikkje har opphaldsløyve
Det er eit vilkår for rett til vidaregåande opplæring at ein har lovleg opphald i landet. Dei som oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på svar på søknad om opphaldsløyve, har rett til vidaregåande opplæring ut det skoleåret som tar til det året dei fyller 18 år. Dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve, har berre rett til vidaregåande opplæring fram til datoen for det endelege vedtaket.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ei delvis vidareføring av reglane i dagens lov § 3-1 tolvte ledd og er omtalt i punkt 41.5 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første punktum presiserer hovudregelen om at ein må ha lovleg opphald i landet for å få rett til vidaregåande opplæring. Dei som oppheld seg ulovleg i landet, vil følgjeleg ikkje ha rett til vidaregåande opplæring. Det er reglane i utlendingslova som avgjer om dei som søkjer om opphaldsløyve, kan opphalde seg lovleg i Noreg.
Andre punktum innskrenkar hovudregelen i første punktum. For dei som oppheld seg lovleg i landet i vente på å få avgjort ein søknad om opphaldsløyve, gjeld retten til vidaregåande opplæring ikkje lenger enn ut det skoleåret som byrjar det året ein fyller 18 år. Retten til vidaregåande opplæring for dei under 18 år som søkjer om opphaldsløyve i landet, medfører ikkje rett til å få opphaldsløyve og er ikkje til hinder for å effektuere vedtak om avslag på søknad om opphaldsløyve. Nordiske borgarar treng ikkje søkje opphaldsløyve i Noreg. Det same gjeld som hovudregel utlendingar som blir omfatta av EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen. Det er reglane i utlendingslova som avgjer kven som treng opphaldsløyve for å opphalde seg i Noreg.
Tredje punktum avgrensar retten til vidaregåande opplæring for dei som får avslag på søknaden om opphaldsløyve. Desse har rett til opplæring fram til tidspunktet for vedtak om endeleg avslag på søknaden om opphaldsløyve. Endeleg vedtak vil normalt vere anten avslag frå klageinstansen (Utlendingsnemnda) eller avslag frå førsteinstansen (Utlendingsdirektoratet) som ikkje er klaga på innan utløpet av klagefristen. Kva som er det endelege vedtaket, kjem fram av reglane i utlendingslova.