Opplæringslova
§ 6-1 Bokmål og nynorsk for elevane i den vidaregåande opplæringa
Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 6-2, 6-3 eller 6-5.
Elevane vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål i det skriftlege arbeidet, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 17 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum fastset at elevar i vidaregåande opplæring skal ha opplæring både i bokmål og nynorsk. Departementet fastset reglar i forskrift om omfanget av og innhaldet i opplæringa og på kva trinn opplæringa skal givast, jf. §§ 1-4 og 1-6. Departementet fastset også reglar i forskrift om individuell vurdering og dokumentasjon av opplæringa, jf. § 5-4 andre ledd.
Forskriftsheimelen i første ledd andre punktum opnar for at departementet kan fastsetje i forskrift at elevar som får opplæring i samisk, i og på norsk teiknspråk eller får særskild språkopplæring, kan fritakast frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka.
Andre ledd inneber at elevane til dømes kan ha nynorsk som skriftspråk i dei skriftlege arbeida sine, sjølv om fylkeskommunen med heimel i § 15-2 første ledd har vedteke at hovudmålet ved skolen er bokmål.
Kva læremiddel som er omfatta av valfridommen, er regulert i § 15-3 første og tredje ledd, men likevel slik at elevane også kan velje om læremidla i norsk skal vere på bokmål eller nynorsk.