Opplæringslova
§ 6-3 Opplæring i og på norsk teiknspråk i den vidaregåande opplæringa
Elevar med høyrselshemming har rett til å få opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk. Elevane som går på ordinære vidaregåande skolar, og som nyttar tolk, kan i tillegg velje å få opplæring i norsk teiknspråk.
Retten til å gå på vidaregåande skolar som har opplæring i og på norsk teiknspråk gjeld berre innanfor dei utdanningsprogramma og programområda som skolane har tilbod om. Delar av denne opplæringa kan givast ved hjelp av teiknspråktolk.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 3-9 og er omtalt i punkt 29 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum slår fast at retten til å få vidaregåande opplæring i og på norsk teiknspråk føreset at eleven sjølv har ei høyrselshemming.
Kva som er ei høyrselshemming, er ei medisinfagleg vurdering. Det er likevel normalt sett ikkje nødvendig å innhente dokumentasjon. Det blir ikkje stilt krav til graden av høyrselshemming, og i vurderinga bør det leggjast stor vekt på om foreldra eller eleven sjølv meiner at han eller ho er høyrselshemma. Det beste for eleven skal vere eit grunnleggjande omsyn, jf. §§ 10-1 og 10-2 første ledd.
Det kan likevel vere nødvendig å innhente ei sakkunnig vurdering for å leggje til rette og organisere undervisninga best mogleg i kraft av utgreiingsplikta til kommunen, jf. forvaltningslova § 17 første ledd første punktum.
Elevar som oppfyller vilkåret, har rett til å velje mellom å få opplæring i og på norsk teiknspråk på ein vidaregåande skole som har eit tilrettelagt tilbod for teiknspråklege elevar, eller å få vidaregåande opplæring på norsk teiknspråk ved hjelp av tolk ved ein ordinær vidaregåande skole.
Det finst grupper med høyrande elevar med kommunikasjons- eller språkutfordringar som kan ha behov for opplæring i og på teiknspråk. Eit døme er elevar med autismespekterdiagnose som blir meir språkleg aktive når kommunikasjonen er basert på ein visuell og gestuell modalitet. Elevar med kommunikasjons- og språkutfordringar som ikkje er høyrselshemma, kan ha rett til opplæring i og på teiknspråk eller alternativ og supplerande kommunikasjon med grunnlag i reglane om tilpassa opplæring og alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), jf. §§ 11-1 og 11-12.
Første ledd andre punktum slår fast at elevar med høyrselshemming som vel å gå i ordinære vidaregåande skolar, og som nyttar tolk, også har rett til opplæring i norsk teiknspråk. Denne regelen er ny.
Andre ledd vidarefører at retten til opplæring i og på norsk teiknspråk på ein vidaregåande skole som har eit tilrettelagt tilbod for teiknspråklege elevar er avgrensa til dei utdanningsprogramma som blir tilbydde på skolar med tilrettelagde tilbod for teiknspråklege elevar. Delar av denne opplæringa kan likevel gjennomførast med tolk.