Opplæringslova
§ 7-1 Verkeområdet for kapittelet, og kven som er lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb
Dette kapittelet gjeld for den vidaregåande opplæringa som blir gitt som læretid i bedrift.
Der lova viser til nokon som har eller skal ha læretid i bedrift, gjeld regelen for både lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Reglane for elevar gjeld for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar dersom fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa.
Lærling er den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 5-4. Praksisbrevkandidat er den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på praksisbrevprøve. Lærekandidat er den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve. Kandidat for fagbrev på jobb er den som har skrive ein kontrakt om opplæring på grunnlag av allsidig praksis og realkompetanse med sikte på fag- eller sveineprøve.
Departementet kan gi forskrift om dei ulike opplæringsordningane for den vidaregåande opplæringa i bedrift.
Forarbeid til loven
Paragrafen er delvis ny og delvis ei erstatning av dagens lov § 4-1 andre ledd og er omtalt i punkt 42, særleg 42.2 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd slår fast at reglane i kapittelet gjeld for opplæring i bedrift. Reglane gjeld berre for dei som har inngått kontrakt om opplæring, og gjeld derfor ikkje elevar som er utplasserte i bedrift, til dømes gjennom faget yrkesfagleg fordjuping.
Andre ledd er nytt. Regelen innfører ei fellesnemning for dei fire ulike kandidattypane som har læretid i bedrift. Dei nærare krava til dei ulike kandidattypane og måten dei ulike opplæringsløpa skal vere innretta på, blir regulert i forskrift med heimel i § 7-1 siste ledd.
Tredje ledd er ei delvis vidareføring av dagens lov § 4-1 andre ledd. Regelen klargjer at det er kven som har ansvaret for opplæringa, og ikkje kvar opplæringa finn stad, som er bestemmande for kva reglar som gjeld. Det betyr at reglane for elevar gjeld dersom fylkeskommunen har ansvaret for delar av opplæringa som blir gitt til ein lærling, uavhengig av om opplæringa blir gitt på skolen, i lærebedrifta eller ein annan arena som verkstad eller prøvestasjon.
Fjerde ledd definerer kven som er lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb.
Etter femte ledd kan departementet gi forskrift om dei ulike opplæringsordningane innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram.