Opplæringslova
§ 7-11 Krav til internkontroll i lærebedrifter
Lærebedriftene skal ha internkontroll for å sikre at opplæringa er i samsvar med denne lova. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med representantar for arbeidstakarane.
Lærebedriftene skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa dei gir. Departementet kan gi forskrift om rapporteringsplikta.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 4-7 og er omtalt i punkt 42.6 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd presiserer at lærebedrifta har ansvar for at bedrifta har internkontroll for å sikre at opplæringa oppfyller krava i opplæringslova med tilhøyrande forskrifter. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med representantar for arbeidstakarane.
Andre ledd pålegg lærebedrifta ei plikt til å gi fylkeskommunen informasjon om opplæringa ho gir. Regelen inneber også mellom anna ei plikt til å bidra med statistiske opplysningar.