Opplæringslova
§ 7-2 Inngåing og endring av kontrakt om opplæring
Dei som skal ha læretid i bedrift, skal skrive kontrakt om opplæring med ei lærebedrift før opplæringa tek til. Det skal stå i kontrakten kva som er målet for opplæringa, og kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som er inngått.
Kontrakten skal godkjennast av fylkeskommunen og kan berre endrast etter samtykkje frå fylkeskommunen.
Kontrakten gjeld frå den tida opplæringa tek til, sjølv om godkjenninga kjem seinare.
Fylkeskommunen kan godkjenne kontraktar om opplæring som fråvik det fastsette opplæringsløpet.
Departementet kan gi forskrift om kva form og innhald kontrakten skal ha, om endring av kontrakten, og om fylkeskommunens høve til å godkjenne kontraktar som fråvik det fastsette opplæringsløpet.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 4-5 og § 3-3 fjerde ledd og er omtalt i punkt 42, særleg 42.9 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum slår fast at det skal inngåast skriftleg kontrakt om opplæring mellom lærebedrifta og den som skal ha læretid i bedrift. Sjølv om det er fleire bedrifter som samarbeider om opplæringa, skal det berre skal inngåast éin kontrakt om læretid.
Andre og tredje punktum oppgir minstekrav til kva kontrakten om opplæring skal innehalde. Det skal stå i kontrakten om den som har læretid, skal gå opp til fag- eller sveineprøve eller annan avsluttande prøve ved slutten av læreforholdet. Dersom den som har læretid, ikkje skal følgje læreplanane til faget fullt ut, skal det også gå fram av kontrakten kva kompetansemål som skal gjelde for læretida. Dersom fylkeskommunen skal ha ansvaret for delar av opplæringa, eller dersom det er fleire bedrifter som samarbeider om opplæringa, skal det gå fram av kontrakten kven som har ansvaret for kva. Fylkeskommunen har ansvaret for opplæringa i mål som eventuelt ikkje inngår i kontrakten om læretid.
Det følgjer av andre ledd at kontrakten om opplæring må godkjennast av fylkeskommunen for å vere gyldig. I «skal» ligg det også ei plikt for fylkeskommunen til å godkjenne kontraktar som oppfyller kravet i lova. I tillegg til krava som følgjer av tredje ledd i paragrafen, må kontrakten vere inngått med ei godkjend lærebedrift og elles samsvare med eventuelle reglar gitt i forskrift med heimel i siste ledd. Paragrafen omfattar alle typar endringar i kontrakten om opplæring. Dersom partane er samde om å seie opp kontrakten, kan kontrakten seiast opp utan samtykke frå fylkeskommunen, jf. § 7-3 første ledd.
Tredje ledd seier at læreforholdet skal reknast for å vere starta opp sjølv om fylkeskommunen ikkje har godkjent kontrakten, føresett at det er søkt om godkjenning. Læreforholdet blir ikkje rekna for å vere påbyrja så lenge det ikkje er inngått kontrakt etter første ledd.
Fjerde ledd fører vidare dagens reglar i § 3-3 fjerde ledd første punktum og opnar for at fylkeskommunen kan godkjenne kontraktar som ikkje følgjer det fastsette opplæringsløpet, jf. blant anna § 5-2 tredje ledd og forskrifter som er fastsett med heimel i § 1-6. Fylkeskommunen kan til dømes godkjenne kontraktar om opplæring som kombinerer opplæring som elev og opplæring i bedrift, og kontraktar der fylkeskommunen eller bedrifta tek på seg eit større ansvar for opplæringa enn det som følgjer av læreplanverket. Dersom målet er fag- eller sveineprøve ved utløpet av kontrakten, må organiseringa av opplæringa vere eigna til å nå dette målet.
Femte ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om forma på og innhaldet i kontrakten, til dømes kan det fastsetjast standardformular. Departementet kan også gi forskriftsreglar om endringar i kontrakten. Til dømes kan det givast nærare reglar om avbrot i kontrakten om opplæring, til dømes grunna permisjon.