Opplæringslova
§ 7-3 Heving og oppseiing av kontrakt om opplæring
Ein kontrakt om opplæring kan seiast opp dersom partane er samde om det. Lærebedrifta skal orientere fylkeskommunen skriftleg før kontrakten blir oppsagd.
Fylkeskommunen skal gjere vedtak om å heve kontrakten om opplæring dersom den som har læretid, seier skriftleg frå at han eller ho ikkje ønskjer å halde fram ut kontrakttida. Fylkeskommunen kan også gjere vedtak om å heve kontrakten om opplæring dersom ein av partane gjer seg skyldig i vesentlege brot på pliktene sine i arbeidsforholdet eller ein av partane ikkje er i stand til å oppfylle kontrakten.
Før det blir gjort vedtak om å heve ein kontrakt om læretid etter krav frå lærebedrifta, skal den som har læretid i bedrift, få høve til å forklare seg munnleg for fylkeskommunen.
Dersom ein kontrakt om opplæring blir oppsagd eller heva, skal lærebedrifta skrive ut ein attest om opplæringa som er gjennomført.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 4-6 og er omtalt i punkt 42.9 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd slår fast at lærebedrifta og den som har læretid, kan bli samde om å seie opp kontrakten om læretid. Regelen må sjåast i samanheng med § 7-4. Normalt vil det gjelde reglar om oppseiingsfrist for arbeidsforholdet. Fylkeskommunen skal informerast før ein kontrakt om læretid blir sagt opp. Fylkeskommunen har inga godkjenningsrolle og kan ikkje nekte partane å seie opp kontrakten.
Andre ledd første punktum opnar for at kontrakten om opplæring kan hevast etter ønske frå den som har læretid. Det blir ikkje stilt krav om ei grunngiving frå den som får opplæring. Fylkeskommunen skal gjere enkeltvedtak om heving. Kontrakten om opplæring kan også hevast dersom det ligg vesentlege brot føre på vilkåra i arbeidsavtalen frå den som har læretid, eller lærebedrifta. Regelen stiller ikkje opp eit skuldkrav, men må sjåast i samanheng med § 7-4. Særleg relevant i denne samanhengen er reglane i arbeidsmiljølova om oppseiing. Kontrakten om opplæring kan også hevast dersom ein av partane ikkje er i stand til å halde fram ut kontraktstida. Dette kan til dømes gjelde dersom lærebedrifta går konkurs eller drifta av andre årsaker blir lagd ned. Vurderinga av om det ligg føre «vesentlege brot på pliktene», byggjer på eit lovbunde skjønn som tilsynsmakta og domstolane kan overprøve fullt ut.
Tredje ledd er ei delvis vidareføring av § 4-6 femte ledd i dagens lov. Regelen er ein særregel som inneber at det blir gjort unntak frå saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Den som har læretid i bedrift, har rett til å gi munnleg forklaring til fylkeskommunen før det blir gjort vedtak dersom lærebedrifta har bede om heving etter andre ledd.
Fjerde ledd pålegg lærebedrifta ei plikt til å skrive ut ein attest for læreforholdet. Plikta gjeld uavhengig av årsaka til at læreforholdet vart avslutta. Attesten skal omfatte den gjennomførte delen av kontraktstida og attestere den gjennomførte delen av opplæringa.