Opplæringslova
§ 7-7 Rekruttering av lærebedrifter og formidling til læreplass
Fylkeskommunen skal rekruttere lærebedrifter med sikte på å gi tilbod om læreplass til alle søkjarar som oppfyller vilkåra for å bli formidla til læreplass.
Fylkeskommunen skal formidle søkjarar som oppfyller vilkåra til lærebedrifter.
Departementet kan gi forskrift om formidling til læreplass.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 42, særleg 42.8 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd slår fast at fylkeskommunen skal arbeide for at alle søkjarar som ønskjer det og oppfyller vilkåra for læreplass, skal få bedriftsdelen av opplæringa i bedrift. Fylkeskommunen skal søkje å finne læreplass til alle søkjarar som fyller vilkåra for å formidlast til læreplass, uavhengig av om dei har fått opplæring på grunnlag av ein lovfesta rett, og om det eventuelt var som ungdomsrett eller vaksenrett til vidaregåande opplæring. Departementet kan sette nærare vilkår for formidling til læreplass i forskrift med heimel i tredje ledd. Regelen må sjåast i samanheng med § 5-6 om rett til læreplass eller eit anna tilbod på vidaregåande trinn 3 og med § 5-3 som seier at det skal leggjast stor vekt på kva kompetanse samfunnet treng. Tilgangen på læreplassar kan vere eit relevant moment i vurderinga av kompetansebehovet.
Andre ledd slår fast at fylkeskommunen skal formidle søkjarar som oppfyller vilkåra til lærebedrifter. Leddet legg ingen føringar for korleis formidlinga av læreplass skal gå føre seg.
Tredje ledd gir departementet heimel til å gi reglar i forskrift om formidling til læreplass. Regelen må sjåast i samanheng med § 5-1 sjuande ledd som gir departementet heimel til å gi forskrift om inntak til vidaregåande opplæring.