Opplæringslova
§ 7-9 Oppfølging av lærebedrifter og tap av godkjenning
Fylkeskommunen skal rettleie lærebedriftene og kontrollere at dei oppfyller krava i denne lova.
Etter ei fagleg vurdering i yrkesopplæringsnemnda kan fylkeskommunen trekkje tilbake godkjenninga som lærebedrift dersom lærebedrifta ikkje lenger oppfyller krava. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.
Godkjenninga som lærebedrift fell bort to år etter at den siste kontrakten om opplæring er avslutta.
Departementet kan gi forskrift om tap av godkjenning.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar § 4-8 og er omtalt i punkt 42, særleg 42.4 og 42.8 i Prop. 57 L (2022–2023).
I første ledd er det slått fast at fylkeskommunen skal rettleie og følgje opp lærebedrifter. Regelen må sjåast i samanheng med internkontrollkravet i kommunelova § 25-1.
Arbeidet til fylkeskommunen skal vere eigna til å stadfeste god tilstand og/eller avdekkje og førebyggje manglande etterleving av kontrakten om opplæring og aktuelt regelverk i opplæringslova med forskrifter.
Andre ledd slår fast at lærebedrifta kan miste godkjenninga dersom lærebedrifta ikkje oppfyller krava i lova. Vidare følgjer det av regelen at yrkesopplæringsnemnda skal gi ei fagleg vurdering av om lærebedrifta oppfyller krava til godkjenninga, og at fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemda.
Det følgjer av tredje ledd at ei godkjenning som lærebedrift automatisk fell bort 24 månader etter at den siste kontrakten om læretid vart avslutta, jf. §§ 7-3 og 7-4.
Fjerde ledd gir departementet heimel til å gi forskrift om tap av godkjenning som lærebedrift.