Opplæringslova
§ 8-2 Yrkesopplæringnemnder
Fylkeskommunen skal nemne opp ei yrkesopplæringsnemnd. Fylkeskommunen skal førebu dei sakene nemnda skal behandle.
Saker som har innverknad på fag- og yrkesopplæringa, skal leggjast fram for yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen gjer vedtak i dei. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda.
Departementet kan gi forskrift om kva samansetjing og oppgåver nemnda skal ha.
Forarbeid til loven
Paragrafen erstattar dagens lov § 12-3, og er omtalt i punkt 42, særleg 42.8 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum pålegg fylkeskommunen ei plikt til å nemne opp ei yrkesopplæringsnemnd. I første ledd andre punktum er det presisert at det er fylkeskommunen som skal førebu sakene som skal behandlast av nemnda. Ansvaret til fylkeskommunen gjeld i saker der lova pålegg fylkeskommunen å innhente vurderinga til nemnda, mellom anna i saker om godkjenning av lærebedrifter etter §§ 7-5, 7-6 og 7-9. Å førebu saker som skal behandlast i yrkesopplæringsnemnda, vil mellom anna innebere å utføre dei praktiske oppgåvene og å innhente den informasjonen nemnda ber om. Fylkeskommunen har ikkje førebuingsansvaret i saker som nemnda arbeider med på eige initiativ.
Andre ledd er ei delvis vidareføring av dagens lov § 4-8 tredje ledd. Regelen styrkjer posisjonen til yrkesopplæringsnemnda samanlikna med i dag. Regelen inneber at fylkeskommunen må ta med synspunktet til yrkesopplæringsnemnda i vurderinga av alle saker som gjeld fylkesopplæringa, og at fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga til nemnda. Dette kan til dømes vere i spørsmål om dimensjonering eller planlegginga av ulike tilbod.
Tredje ledd gir departementet heimel til å gi reglar i forskrift om medlemmene i nemnda, funksjonstid, representasjon osv. Departementet kan også gi reglar om oppgåvene til nemnda, som kjem i tillegg til sakene der lova føreset at nemnda gjer ei fagleg vurdering eller uttaler seg, til dømes i arbeidet til fylkeskommunen med dimensjonering av det vidaregåande opplæringstilbodet, jf. § 5-3.