Opplæringslova
§ 9-2 Reisefølgje for og tilsyn med elevar i den vidaregåande opplæringa
Elevar som får skyss, har rett til reisefølgje dersom dei treng det.
Elevar som får skyss, har rett til tilsyn i ventetida før og etter opplæringa dersom dei på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje klarer seg åleine.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 7-4 og er omtalt i punkt 37 i Prop. 57 L (2022–2023).
Som hovudregel treng ikkje elevane reisefølgje og tilsyn i denne aldersgruppa, og dette må vurderast for kvar enkelt elev.
Retten til reisefølgje etter første ledd er i hovudsak reservert for elevar med nedsett funksjonsevne som må ha følgje for at dei skal kunne nytte seg av skysstilbodet dei har rett til. Fylkeskommunen skal sørgje for nødvendig reisefølgje og dekkje skysskostnadene og andre utgifter knytte til reisefølgjet, jf. § 28-7.
Tilsynsplikta i vidaregåande opplæring etter andre ledd er på grunn av alderen på elevane vesentleg mindre enn den tilsvarande plikta for å føre tilsyn med elevar i grunnskolen. Plikta omfattar berre elevar som på grunn av nedsett funksjonsevne ikkje kan greie seg aleine i ventetida.