Opplæringslova
§ 9-4 Oppfølgingsteneste for dei som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid
Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste. Oppfølgingstenesta skal sørgje for at dei som har rett til opplæring etter § 5-1 og ikkje er i opplæring eller arbeid, får tilbod om vidaregåande opplæring, andre kompetansefremjande tiltak eller arbeid. Ein er omfatta av tenesta fram til utgangen av det året ein fyller 24 år.
Oppfølgingstenesta skal sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa. Oppfølgingstenesta skal formidle og samordne dei ulike tilboda.
Departementet kan gi forskrift om oppgåvene til oppfølgingstenesta.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører delar av dagens lov § 3-6 og er omtalt i punkt 45 i Prop. 57 L (2022–2023).
Første ledd første punktum slår fast at fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste. Det blir ikkje stilt krav til korleis oppgåva blir organisert. Første ledd andre punktum seier kven oppfølgingstenesta skal rettast mot, og kva oppfølginga skal gå ut på. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, og som ikkje er i opplæring, omfattar dei som ikkje har søkt eller teke mot elev- eller læreplass, og dei som avbryt opplæringa. For at den enkelte skal kunne reknast for å vere «i arbeid» etter regelen, er det ikkje tilstrekkeleg at det kan konstaterast eit arbeidsforhold. Arbeidsforholdet må vere av ei viss varigheit og ha eit visst omfang. Det er relevant å sjå på om arbeidet er eigna til å gi, eller å bidra til på sikt å gi, den enkelte ei varig tilknyting til arbeidslivet. I tredje punktum er den øvre aldersgrensa for kven som er omfatta av oppfølgingstenesta, sett til utgangen av det året, det vil seie det kalenderåret, ein fyller 24 år. Ettersom oppfølgingstenesta gjeld for dei som har rett til vidaregåande opplæring for ungdom, er det i praksis ei nedre aldersgrense for kven som er omfatta, normalt 16 år.
Andre ledd slår fast at oppfølgingstenesta pliktar å sikre tverretatleg samarbeid mellom kommunale, fylkeskommunale og statlege instansar som har ansvar for målgruppa. Aktuelle instansar for samarbeid er særleg grunnskolane og dei vidaregåande skolane, pedagogisk-psykologisk teneste (PP-tenesta), opplæringsadministrasjonen i fylkeskommunen, arbeids- og velferdsforvaltninga og helse- og sosialtenestene. I andre ledd andre punktum er det presisert at oppfølgingstenesta skal samordne og formidle dei ulike tilboda.
Oppfølgingstenesta kan hjelpe til i arbeidet med å redusere fråfallet frå vidaregåande opplæring gjennom samarbeid med grunnskole og vidaregåande opplæring.
Tredje ledd gir departementet heimel til å gi forskriftsreglar om kva som skal vere dei konkrete oppgåvene til oppfølgingstenesta. Første ledd andre og tredje punktum og andre ledd utgjer rammene for kva oppgåver som kan påleggjast oppfølgingstenesta i forskrift.