Opplæringslova
§ 9-6 Opplæringstilbod i overgangen frå grunnskolen til den vidaregåande opplæringa
Fylkeskommunen skal ha eit opplæringstilbod for dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, men som manglar faglege eller språklege føresetnader for å delta i eller gjennomføre slik opplæring.
Forarbeid til loven
Paragrafen er ny og er omtalt i punkt 40.11 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen fastset at fylkeskommunen pliktar å ha eit overgangstilbod for dei som skal over i vidaregåande opplæring for ungdom, og som manglar faglege eller språklege føresetnader for å gjennomføre opplæringa. Dette kan til dømes gjelde elevar som har hatt mykje fråvær i grunnskolen, eller elevar som har komme til Noreg seint i grunnskoleløpet. Fylkeskommunen vel sjølv korleis tilbodet skal organiserast. Dette inneber mellom anna at fylkeskommunen kan velje om tilbodet skal givast før eller etter den enkelte har starta i vidaregåande opplæring. Det er også opp til fylkeskommunen kva innhald det skal ha, nærare målgruppe for tilbodet og omfanget av tilbodet. Det er likevel ein føresetnad at det tilbodet fylkeskommunen gir, er eigna til å betre føresetnadene til elevane for å kunne fullføre og bestå den vidaregåande opplæringa. Det er ikke ein rett for den enkelte til å delta i eit slikt opplæringstilbod. Fylkeskommunen har ikkje plikt til å dimensjonere tilbodet til alle i målgruppa.