Opplæringslova
§ 9-7 Tilbod om meir grunnskoleopplæring
Kommunen og fylkeskommunen kan tilby førebuande opplæring etter § 18-2 til dei som har rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1, men som treng meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre den vidaregåande opplæringa. Opplæringa kan gi høve til å forbetre grunnskolevitnemålet.
Forarbeid til loven
Paragrafen vidarefører dagens lov § 4A-1 andre ledd og er omtalt i punkt 40.11 i Prop. 57 L (2022–2023).
Paragrafen gjer det mogleg for kommunar og fylkeskommunar å tilby førebuande opplæring etter § 18-2 til dei som allereie har fullført grunnskolen. Som presisert i andre punktum kan opplæringa gjere det mogleg å forbetre grunnskolevitnemålet. Dette vidarefører gjeldande praksis og er tatt inn i paragrafen for å synleggjere at det elles ikkje er mogleg å forbetre grunnskolevitnemålet. Fylkeskommunen vel sjølv om han vil tilby førebuande opplæring etter paragrafen. Dette valet byggjer på eit forvaltningsskjønn som tilsynsmakta og domstolane ikkje kan overprøve.
For å kunne takast inn på eit tilbod om meir grunnskoleopplæring må ein oppfylle to vilkår. For det første må ein ha rett til vidaregåande opplæring etter § 5-1. Dette inneber at ein må ha fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring. Det andre vilkåret er at ein må ha behov for meir grunnskoleopplæring. I vurderinga av om den enkelte har behov for meir grunnskoleopplæring, skal det leggjast vekt på kva for eit fagleg grunnlag den enkelte har frå grunnskolen, og korleis dette påverkar sjansane for at vedkommande greier å oppnå studie- eller yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa.
Dei som deltek i eit tilbod om meir grunnskoleopplæring etter denne paragrafen, blir rekna som vaksne deltakarar etter femte del i lova. Reglane i femte del i lova gjeld derfor for denne opplæringa.