Informasjon til lærlingar og lærekandidatar

Fylkeskommunen har ansvaret for at dei som svarer på undersøkingane er godt informerte om formålet med undersøkingane og korleis personopplysningar som blir samla inn blir behandla.

Kva er formålet med Lærlingundersøkinga?

Lærlingundersøkinga gir lærlingar og lærekandidatar høve til å seie si meining om arbeids- og læringsmiljøet i lærebedrifta. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av lærebedrifter, opplæringskontor, fylkeskommunar og dei statlege utdanningsmyndigheitene som ei hjelp til å analysere og utvikle arbeids- og læringsmiljøet.

Resultat frå undersøkinga kan også bli brukt til forsking, statistikk og lagring i arkiv.

Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk frå Lærlingundersøkinga.

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Det er frivillig å svare på Lærlingundersøkinga. Du kan også hoppe over spørsmål du ikkje ønskjer å svare på.

Undersøkinga blir send ut på e-post og sms. Du vil få e-post med emnefelt <Invitasjon til Lærlingundersøkelsen> og avsender <ikke-svar@udir.no>. I SMS vil avsender vere Udir.

Behandlingsansvar og personvern

Når du svarer på spørsmål i Lærlingundersøkinga, blir det lagra personopplysningar om
deg. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at alle personopplysningane blir behandla i tråd med personvernregelverket.

For å kunne sende ut påloggingskode/-lenke til Lærlingundersøkinga innhentar vi kontaktinformasjon om deg (namn, e-postadresse og telefonnummer) frå VIGO (Fylkeskommunane sin database for vidaregåande opplæring). Du skriv ikkje namn og det er heller ikkje knytt personnummer til svara dine i Lærlingundersøkinga. Når du har svart på undersøkinga, blir koplinga mellom påloggingskoden/-lenka din og det du har svart broten. Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (eksempelvis i lærebedrifter med få lærlingar), kan det likevel vere ein risiko for at nokon kan kjenne att kven som har svart kva. Derfor har Utdanningsdirektoratet svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkinga til lærebedrifter, opplæringskontor, fylkeskommunar og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne att svara dine. Svara blir oppbevarte så lenge det er nødvendig.

I dei tilfella Utdanningsdirektoratet leverer ut svara til forsking, må forskarane følgje direktoratet sine reglar for behandling av data og teieplikt, og dei må skriv under på ei teieplikterklæring.

Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar

Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Lærlingundersøkinga er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, og det supplerande nasjonale rettslege grunnlaget er opplæringsforskrifta § 19-4. Du kan ikkje krevje innsyn i, retting i eller sletting av svara, fordi svara dine ikkje kan knytast direkte til deg.

Har du spørsmål?

For mer informasjon kan du ta kontakt med fylkeskommunen eller Utdanningsdirektoratet.

Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:
Telefon: +47 23 30 12 00
E-post: post@udir.no

Du finner også mye informasjon på vår side for brukerundersøkelser. Spørsmål om personvern kan rettes til Utdanningsdirektoratets personvernombud.

Datatilsynet er klageinstans for behandlingen av personopplysninger i Lærlingundersøkelsen. Du finner mer informasjon hos Datatilsynet.

Rettsleg grunnlag for forsking, statistikk og lagring i arkiv er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav j. Personopplysningslova §§ 8 og 9 er det supplerande nasjonale rettsgrunnlaget.