Forskningskartlegging
Noko nedgang i kvalitet på barnehageforskinga
Talet på publiserte studiar om skandinavisk barnehageforsking heldt fram med å auke i 2021, samanlikna med tidlegare år. Samla sett blir studiane vurderte til å vere av noko lågare kvalitet.
Hovudfunn
- Det er framleis auke i talet på publiserte studiar om skandinavisk barnehageforsking.
- Det er ein nedgang i delen av studiar som er vurderte til høg kvalitet, samtidig som det er ein auke i delen av studiar vurdert til låg kvalitet.
- Auken i delen av studiar publisert på engelsk held fram, og studiar på engelsk blir vurdert til høgare kvalitet.
- Studiar blir i aukande grad basert på informasjon gitt av vaksne - ikkje av barn.
- Kvalitativ metode er framleis sterkt dominerande.
Om rapportserien
I rapportserien «Kartlegging av skandinavisk barnehageforsking» blir det gitt ut rapportar som gjer greie for den skandinaviske, empiriske barnehageforskinga for ein viss tidsperiode. Rapportane er mellom anna baserte på forsking som er registrert i databasen Nordic Base of Early Childhood Education and Care. Kvart år sidan 2006, har empirisk og kvalitetsvurdert skandinavisk barnehageforsking blitt inkludert i databasen. Databasen er resultat av eit samarbeid mellom Danmarks Evalueringsinstitut (EVA), det svenske Skolverket og Utdanningsdirektoratet.
Denne rapporten er ei forskingskartlegging av skandinavisk (Danmark, Noreg og Sverige), empirisk forsking på barnehagetilbodet for 0–6-åringar publisert i 2021. I tillegg til å kartleggje, gjer rapporten også ei samanlikning med dei to foregåaende åra (2019 og 2020), og ho gir eit historisk blikk på kartleggingar frå tidlegare år der dette er relevant.
Sjå også: