Oppfølgingsordninga - delrapport 3

Skoleeigarane er fornøgde med oppfølgingsordninga

Dei fleste skoleeigarar er godt fornøgde med oppfølgingsordninga. Utbyttet kommunane har av ordninga varierer noko, men det ser ut til at endringane som er gjort i ordninga sidan 2020 verkar positivt.

  • Skoleeigarane er godt fornøgde med oppfølgingsordninga, som dei meiner har gitt dei betre kompetanse til å drive kvalitetsutvikling i skolen. Resten av deltakargruppene er litt meir avmålt. Mellom anna meiner ein del skoleleiarar at dei blir for lite involverte i det innleiande arbeidet med å definere utfordringane i kommunane.
  • Dei fleste aktørane er positive til dei siste endringane i ordninga, sjølv om rettleiarar frå gjennomføringsfasen tidvis er kritiske til analysearbeidet som er gjennomført i forfasen.
  • Skolen sin bemanningssituasjon, lokale utfordringar og korleis skoleleiarane prioriterar og organiserar ordninga, har noko å seie for utbyttet av ordninga. Ikkje alle skoleeigarar klarer å nyttiggjere seg av ordninga, og har behov for tettare oppfølging enn det ordninga legg opp til.
  • Evalueringa viser at samarbeidet med regionale universitet og høgskolar kan vere utfordrande der det ikkje er tradisjon for eit slikt samarbeid, og der UH manglar kapasitet og kompetanse. Dette bidreg igjen til ei skeiv arbeidsbelastning mellom statsforvaltarembeta.

Rapportserie: Evaluering av tilskudd til lokal kompetanseutvikling

Oppfølgingsordninga