Delrapport 1

Karriererettleiing

Karriererettleiing i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring. Dette er den første delrapporten i en serie på fire hvor NIFU STEP ser på strukturendring, gjennomføring og kompetanseoppnåelse i videregående opplæring etter Kunnskapsløftet.

Dette er den fyrste delrapporten i ein serie på fire der NIFU STEP ser på strukturendring, gjennomføring og kompetanseoppnåing i vidaregåande opplæring etter Kunnskapsløftet.

NIFU STEP skal gjennom dei fire rapportane sjå på korleis yrkes- og utdanningsrettleiing i grunnopplæringa betrast gjennom:

  • faget programfag til val (utdanningsval),
  • ny organisering av rådgivingstenesta
  • partnarskap for karriererettleiing
  • tilrettelegging for betre samanheng og overgang mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring

Denne fyrste delrapporten er basert på dokumentanalysar og ein casestudie av fem fylkjer, fem kommunar og fem grunnskular med ungdomstrinn. Studien omfattar også retningslinjene for faget programfag til val. Forskarane har i tillegg gjort ei vurdering av den nye læreplanen utdanningsvalg.

NIFU STEP skildrar ei endring i rådgivartenesta. Rolla til rådgivaren går frå idealet om å vere ekspert på aktuelle yrke og utdanningsvegar til å vere koordinator og tilrettelegg for at andre skal kunne gi elevane informasjon. Rapporten peikar på ei utfordring når det gjeld rollefordeling, og fordeling av ansvar og oppgåver mellom kontaktlærarar og rådgivarar.

Det blir opplevt som problematisk at programfag til val stiller krav om utarbeiding av lokale læreplanar. I det nye faget utdanningsvalg, som erstattar programfag til val, er kravet om lokale læreplanar fjerna. Denne overgangen vil forskarane følgje i vidare studiar.

Studien viser at det på skulenivå er aksept for dei overordna målsetjingane i det nye faget programfag til val/utdanningsval. Denne aksepten er kombinert med stor lojalitet til dei elevane aktørane på skulenivå har med å gjere i den praktiske skulekvardagen.

Eit forhold som kan komplisere samarbeid og realisering av programfag til val/utdanningsval er at grunnskulen og vidaregåande opplæring har ulike skuleeigarar, dette gjeld spesielt logistikk, samarbeid og ressurstilgang for gjennomføring.

Ved skulane i casestudien var mykje av opplæringa i faget på eigen skule med eigne lærarar som hadde kompetanse i fag på vidaregåande nivå. Undersøkinga viser at skulane var i gong med å utvikle eit samarbeid med vidaregåande skular og lokalt arbeidsliv.

Ingen av ungdomsskulane i studien hadde skuleåret 2006/2007 eit tilbod til elevar om å ta fag på vidaregåande nivå. Ved dei fem caseskulane blei det sagt at dette er sjeldent, og at elevgrunnlaget ikkje var tilstades for bruken av denne moglegheita. NIFU STEP peikar på at høva for elevar til å ta fag i vidaregåande, skule innanfor ramma av programfag til val, er ein reiskap til differensiering av elevane.