Delrapport

Svakare læringsutbytte hos elevar med hørselshemming

Læringsutbyttet hos døve og tunghørte elevar er svakare enn hos hørande elevar. Det viser ein første kortrapport frå undersøkinga «Elever med hørselshemming i skolen. En kartleggingsundersøkelse om læringsutbytte».

Det som verkar inn på læringsutbyttet hos elevar med hørselshemming, er graden av hørselstap, tilleggsvanskar, kjønn, minoritetsspråkleg bakgrunn og foreldra sitt utdanningsnivå.

Sentrale funn

  • På 5. trinn er det små skilnader i meistring hos elevar med lett og middels hørselstap. På 8. trinn aukar skilnadene. Her har elevar med middels hørselstap betre meistring enn elevar med lett hørselstap. Både på 5. og 8. trinn har hørselshemma elevar utan tilleggsvanskar betre resultat enn dei med tilleggsvanskar.
  • Elevar med hørselshemming har lågare gjennomsnitt på nasjonale prøver enn hørande elevar, og har lågare deltaking (65 %) enn hørande elevar (96 %). Resultata er svakare om dei hørselshemma elevane har tilleggsvansker, får grunnskoleopplæring i og på teiknspråk eller har spesialundervisning.
  • Det er ein klar samanheng mellom læringsutbyttet hos hørselshemma elevar og utdanninga til foreldra deira.  Hørselshemma elevar som er fødde i Noreg, klarer seg betre enn hørselshemma minoritetselevar.  18,9 % av elevane med hørselshemming manglar eller har 0 grunnskolepoeng. Av denne gruppa har 14 % foreldre med grunnskole som høgste utdanning, og 22 % er fødde i utlandet. 
  • Jenter med hørselshemming presterer betre enn gutar med hørselshemming.
  • Hørselshemma elevar som følgjer ordinær opplæring, har betre resultat enn hørselshemma elevar som får grunnskoleopplæring i og på teiknspråk, eller som har spesialundervisning eller går i tilpassa skole.

Undersøkinga måler læringsutbyttet hos elevar med hørselshemming ut frå:

  • grunnskolepoeng for 10. trinn
  • standpunktkarakterar for 10. trinn i faga engelsk, matematikk og norsk
  • nasjonale prøver 2009 for 5. og 8. trinn i lesing norsk, lesing engelsk og rekning

 Undersøkinga er den første større av læringsutbyttet hos hørselshemma elevar i Noreg. Kortrapporten viser at tilstanden er i tråd med og bekreftar funn i samanliknbare nasjonale studie, mellom anna i Sverige, og i internasjonale studie. Skådalen kompetansesenter står bak undersøkinga på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Se også