Elevundersøkelsen 2019: Mobbing og arbeidsro
I 2019 svarar 6 prosent av elevane at dei blir mobba to til tre gongar i månaden eller oftare. Alt i alt er det svært små endringar i tala i Elevundersøkelsen 2019 samanlikna med 2018.
Dei første resultata frå Elevundersøkelsen 2019 på nasjonalt nivå er klare. NTNU Samfunnsforskning har i ein analyse sett nærmare på spørsmåla om mobbing og arbeidsro.
Hovedfunna i undersøkinga
- 4,6 prosent er mobba av medelevar
- 1,8 prosent er digitalt mobba
- 1,6 prosent er mobba av vaksne på skolen
- Til saman svarar 6 prosent av elevane at dei er mobba
Mobbing
6 prosent av elevane svarar at dei i ein eller annan kombinasjon blir mobba av medelevar, digitalt mobba av nokon på skolen eller mobba av vaksne på skolen, to til tre gongar i månaden eller oftare. 6 prosent vil seie om lag 27 000 av elevane som svarte på Elevundersøkelsen 2019. I 2018 var talet 6,1 prosent.
Nærare 5 prosent av elevane blir mobba av andre elevar på skolen
- 4,6 prosent av elevane svarar at dei blir mobba av andre elevar på skolen to til tre gongar i månaden eller oftare. Dette er det same som i 2018. Av desse svarar 68 prosent at dei blei kalla stygge ting og erta på ein sårande måte. 45 prosent blei haldne utanfor og baksnakka, mens 26 prosent opplevde fysisk mobbing.
- Det er flest elevar som blir mobba av andre elevar i gruppa eller klassen, og litte færre som blir mobba av andre elevar på skolen. Mesteparten av mobbinga går føre seg i skolegarden, i klasserommet og i korridoren.
- 36 prosent av dei som blir mobba svarer at ingen vaksne på skolen visste om mobbinga. 16 prosent svarar at skolen visste om mobbinga, men ikkje gjorde noko.
- Mobbinga minkar med alderen, men aukar på 9. trinn.
- Jenter opplever baksnakking og utestenging i større grad enn gutar, mens gutar opplever meir fysisk mobbing.
Under 2 prosent blir mobba digitalt
- 1,8 prosent av elevane svarar at dei blir mobba digitalt to til tre gongar i månaden eller oftare. I 2018 var talet 1,9.
- 68 prosent av dei som er mobba digitalt svarar at dei blei kalla stygge ting og erta. 39 prosent svarar at dei ble haldne utanfor og baksnakka. 34 prosent at nokon spreidde ting på nettet som såra dei.
- Nær halvparten av elevane som blir mobba digitalt, opplever også tradisjonell mobbing.
Nokre elevar blir mobba av vaksne på skolen
- 1,6 prosent av elevane svarar at dei har blitt mobba av vaksne på skolen to til tre gongar i månaden eller oftare. Dette er det same som i 2018.
- 55,9 prosent av desse svarer at den vaksne sa sårande ord. 43,4 prosent svarar at den vaksne fekk meg til å føle meg utanfor.
- Jamt over er det fleire gutar enn jenter som svarer at dei er mobba av ein vaksen på skolen, og dette gjeld særleg på ungdomstrinnet.
- 26 prosent av elevane som blir mobba av vaksne på skolen, blir også mobba av medelevar.
Mange av elevane som mobbar blir også mobba sjølve
- 0,8 prosent svarar at dei har mobba ein eller fleire elevar på skolen to til tre gongar i månaden eller oftare. Rundt 36 prosent av desse blir også sjølve mobba.
- Prosentdelen som seier at dei mobbar medelevar aukar i ungdomstrinnet og held seg relativt stabil ut vidaregåande.
- 0,5 prosent svarer at dei har mobba andre digitalt to til tre gongar i månaden eller oftare.
- Det er fleire gutar enn jenter som mobbar, både tradisjonelt og digitalt.
Arbeidsro
- 63,5 prosent er litt eller heilt einige i at det er god arbeidsro i timane. Dette talet har vore stabilt sidan 2014.
Elevundersøkelsen
Elevundersøkelsen gjennomføres årlig. Svarene elevene gir, analyseres i flere ulike rapporter hvert år.
Om tala
Rapporten presenterer tal for 5.trinn til vg3. Elevundersøkelsen inneheld tre spørsmål om mobbing: Mobba av medelevar, mobba digitalt og mobba av vaksne. Samleindikatoren for mobbing er rekna ut på bakgrunn av elevar som har oppgitt at dei blir mobba på minst ein av desse måtane. Det inneber at ein elev berre blir telt ein gong i samletalet for mobbing.