Sluttrapport
Evaluering av lærarspesialistordninga i norsk og realfag
Lærarspesialistane og rektorane deira er svært positive til lærarspesialistordninga, men ordninga treng ei enda sterkare forankring i lærarprofesjonen. Det er mellom hovudkonklusjonane i ei evaluering av dei to første skoleåra med pilotering av ordninga.
Ein lærarspesialist er ein lærar som har bestemte faglege kvalifikasjonar, og som har søkt seg til stillinga som lærarspesialist ved sin eigen skole. Lærarspesialisten skal på ulike måtar arbeide for å utvikle skolen som lærande organisasjon. Målgruppa for arbeidet er derfor lærarkollegaene, undervisninga deira og den vidare utviklinga deira som lærarar.
Med lærarspesialistordninga ønsker norske utdanningsmyndigheiter å gi dyktige lærarar ein alternativ karriereveg i skolen. Liknande ordningar finst mellom anna i Sverige og USA.
Pilotering av lærerspesialistordninga i Noreg
Lærerspesialistordningen er i de to siste skoleårene prøvd ut med i overkant av 200 slike lærere i fagene norsk og realfag ved 168 skoler over hele landet. I denne pilotperioden har disse lærerne blitt kompensert for oppgavene med enten et lønnstillegg eller en kombinasjon av et mindre lønnstillegg og redusert undervisningstid. Ved siden av lærerspesialistoppgavene har disse lærerne fortsatt i vanlige undervisningsstillinger og undervist elever i klasserommet.
Oppgåvene til lærarspesialistane er laust definerte: Dei skal vere fagleg oppdaterte på forsking, skoleutvikling og fagdidaktikk, ta initiativ til kollegarettleiing, leie faglege prosjekt og vurdere behovet for skoleomfattande utviklingsprosjekt. Det er rektorane og skoleeigarane, det vil seie kommunane og fylkeskommunane, som skal konkretisere oppgåvene til lærarspesialistane og følge dei opp.
Eiga fagleg utvikling viktigast
Lærarspesialistane har i dei to første skoleåra av pilotperioden arbeidd mest med si eiga faglege oppdatering og utvikling og i mindre grad med skoleomfattande tiltak for å utvikle skolen som lærande organisasjon. Det viser seg også at rektorane har lagt meir til rette for at lærarspesialistane skal få utvikle seg fagleg, enn at dei skal arbeide med heile kollegiet.
Mange av lærarspesialistane har arbeidd med kollegaer i same fagfelt for å dele undervisningsopplegg og metodekunnskap. Likevel er det eit mindretal blant kollegaene som meiner at lærarspesialisten har vore ein ressurs for dei i perioden. Lærarspesialistordninga er lite kjend når vi ser heile kollegiet på skolen under eitt. Det tyder på at ordninga dei to første åra av piloten har hatt mindre å seie for utviklinga av skolen som lærande organisasjon.
Trinnvis prosess?
Det å arbeide med si eiga faglege utvikling kan samtidig vere eit første trinn på vegen til at lærarspesialistane etablerer seg som tilretteleggarar av meir omfattande og involverande prosessar for skoleutvikling og det å gjere skolen til ein lærande organisasjon. Det stemmer også overeins med amerikansk forskingslitteratur om liknande ordningar.
I evalueringsrapporten anbefaler forskarane derfor norske utdanningsmyndigheiter å legge større ressursar i å støtte lærarspesialistane når dei skal utvide nedslagsfeltet og målgruppene for oppgåvene, slik at dei i større grad kan nå ut til nye grupper av lærarar og lenger ut i lærarkollegiet.
Eit tiltak for profesjonalisering
I rapporten diskuterer forskarane lærarspesialistordninga som eit tiltak for profesjonalisering av lærarrolla. Ordninga legg i utgangspunktet til rette for at ei slik utvikling av lærarrolla skal skje med basis i behova og interessene til lærarane. Samtidig meiner forskarane at lærarkollegaene kan oppfatte ordninga som eit tiltak for profesjonalisering styrt av utdanningsmyndigheitene.
At lærarspesialistane kan ha hatt andre leiaroppgåver i lærarkollegiet tidlegare, støttar opp under dette. Dei kan for eksempel ha vore fagleiarar eller seksjonsleiarar. Fleire av dei har framleis slike oppgåver ved sida av lærarspesialistoppgåvene.
Evalueringa viser at fleire lærarspesialistar ikkje ønsker å kalle seg «spesialistar». Dei ser på kollegaene som svært kompetente og dyktige lærarar, og vil vere tilretteleggarar for diskusjon og fagleg utvikling – ikkje ekspertar som fortel lærarane kva dei skal gjere.
Råd for vidareutvikling
Forskarane anbefaler derfor at det vidare blir lagt ytterlegare vekt på å forankre lærarspesialistrolla i lærarprofesjonen. Dei viser til korleis ei liknande ordning har tatt form i Sverige, der «förstelärare» arbeider med såkalla utviklingsoppdrag på vegner av skolen. Slike utviklingsoppdrag har enten vore knytte til bestemte fag eller meir overgripande til arbeid med vurdering eller språkutvikling hos elevar.
Fleire av dei norske lærarspesialistane har opplevd å få drahjelp når skolen deira har gått inn i større satsingar for skoleutvikling, som Ungdomstrinn i utvikling eller Språkløyper. Framfor slike nasjonale satsingar er det i framtida mogleg å sjå for seg at rammeverket for lærarspesialistordninga stiller større krav til korleis det å ha lærarspesialist kan koplast til planen for skoleutvikling ved den enkelte skolen.
Tid viktigare enn høgare lønn
Piloteringa av lærarspesialistordninga er dei to første skoleåra prøvd ut med enten eit lønnstillegg eller ein kombinasjon av eit mindre lønnstillegg og nedsett undervisningstid som kompensasjon for større ansvar og fleire arbeidsoppgåver. Evalueringa viser at den eine timen i nedsett undervisningstid som lærarspesialisten kan få, ikkje dekker den tida lærarspesialisten faktisk bruker til oppgåvene.
Eit fleirtal av lærarane i evalueringa føretrekker finansieringsmodellen som kombinerer eit lønnstilskot med nedsett undervisningstid. Lærarspesialistane og kollegaene strekar samtidig under at det er behov for nok tid til å utføre oppgåvene dersom ordninga skal oppfattast som ein attraktiv karriereveg.
Om evalueringa
Evalueringa er utført i eit samarbeid mellom NIFU og NTNU Samfunnsforskning på oppdrag av Utdanningsdirektoratet.
Evalueringa er basert på spørjeskjemaundersøkingar blant lærarspesialistane og rektorane ved pilotskolane i tillegg til spørjeskjema til dei andre lærarane ved pilotskolane. Evalueringa omfattar også spørjeskjema som blei sende til rektorar og lærarar ved eit utval skolar som i 2015 søkte om å få delta i piloteringa, men som fekk avslag på søknaden. I evalueringa blir desse skolane behandla som samanlikningsskolar. Spørjeundersøkingane er gjennomførte to gonger i løpet av dei to skoleåra – hausten 2015 og våren 2017.
Svarprosenten blant lærarspesialistane og rektorane ved pilotskolane er svært høg, og representativiteten er god. Svarprosenten frå kollegaene av lærarspesialistane og frå lærarar og rektorar ved samanlikningsskolane er lågare, og svara frå desse målgruppene er mindre sikre ved generalisering.
Forskarane har også intervjua eit utval lærarspesialistar og rektorar ved barneskolar, ungdomsskolar og vidaregåande skolar ulike stader i landet. Også desse intervjua er gjennomførte på to tidspunkt i evalueringsperioden. Forskarane har i tillegg analysert søknadene frå skoleeigarane om å få delta i piloteringa og gjennomført e-postintervju med eit utval skoleeigarar som har hatt ansvar for pilotering av lærarspesialistordninga i norsk og realfag.
Rapportserie
Dette er andre og siste rapport i denne serien. Her finner du delrapport 1:
Delrapport fra evaluering av pilotering av ordning med lærerspesialister