Kartlegging av erfaringar med læreplanar i 2006
Kartlegginga tek for seg 202 skular som starta med dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet hausten 2005.
I kartlegginga kjem det fram at skuleeigarane, skuleleiarane og lærarane meiner dei har relativt god kunnskap om reformen. Behovet for kurs og kompetanseheving synest å vere stort. Foreldra er informerte om reforma, men har i liten grad blitt involvert i førebuingar og planlegginga av arbeidet med ny læreplan. Kartlegginga er utført av Møreforskning på oppdrag av Utdanningsdirektoratet.