Spørsmål til Barnehage-Noreg 2016
Rutinar for å førebyggje og oppdage vald og seksuelle overgrep, bruk av nasjonale senter og beredskap er nokre av dei tema som er i denne rapporten.
Trøndelag Forsking og Utvikling (TFoU) gjennomfører på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet ei årleg spørjing retta mot barnehagesektoren. Resultata gir viktig informasjon som mellom anna blir brukt i oppfølginga av viktige satsingsområde i direktoratet og Kunnskapsdepartementet.
Tema i undersøkinga hausten 2016:
- definisjon av når eit barn blir rekna som treåring
- rutinar for å sikre god hygiene
- kompetanse for tilsette i barnehagen
- rutinar for å førebyggje og oppdage vald og seksuelle overgrep
- BASIL
- vurdering av Fylkesmannens arbeid
- barnehagefakta
- bruk av nasjonale sentra
- beredskap
Nokre funn
Rutinar for å førebyggje og oppdage vald og seksuelle overgrep
Barn skal vere trygge i barnehagen, og barnehagestyrarane opplyser at det er stor merksemd i personalgruppa rundt temaet vald og seksuelle overgrep mot barn. 92 prosent har teke opp temaet i personalgruppa siste året. Knappe 30 prosent av barnehagestyrarane svarer derimot at dei har faste rutinar for å ta opp problematikk rundt vald og seksuelle overgrep mot barn, og 24 prosent opplyser at dei har faste rutinar knytte til å ta opp tematikken rundt det at tilsette kan gjere eller få skulda for overgrep i barnehagen.
Dei fleste barnehagane har etablerte rutinar for å førebyggje overgrep i barnehagen: 98 prosent av barnehagestyrarane svarer at dei krev politiattest frå alle tilsette, og nærmare 70 prosent har utarbeidd handlingsplan ved mistanke om overgrep. Berre to av fem har rutine for bakgrunnssjekk ved rekruttering.
Det er store likskapstrekk mellom barnehagar i korleis dei jobbar med å oppdage overgrep mot barn. Samtidig viser responsen frå styrarane at private barnehagar i mindre grad enn kommunale, og små barnehagar i mindre grad enn dei store, sender bekymringsmeldingar til barnevernet ved mistanke om overgrep.
Beredskap
Barnehagar har både krav om og ansvar for å førebyggje uønskte, alvorlege hendingar for å sikre at alle er trygge i barnehagen. 92 prosent av styrarane svarer at barnehagen har utarbeidd eller forbetra beredskapsplanane i løpet av dei siste tre åra. Omtrent like mange stadfestar at dei har gjort risikovurderingar knytte til alvorlege hendingar og for å førebygge ulykker i barnehagen dei siste to åra.
Litt under halvparten av styrarane opplyser at barnehagen aldri har gjennomført ei beredskapsøving.
Åtte prosent av kommunane opplyser at dei har hatt fullskalaøvingar for alvorlege hendingar i barnehagane. Om lag ein av tre kommunar har hatt skrivebordsøvingar, krisestabsøvingar og øvingar for andre tilsette.
Bruk av nasjonale senter
Dei ti nasjonale sentra skal mellom anna utvikle, systematisere og formidle gratis nettbaserte ressursar og støttemateriell. Prosentdelen styrarar som opplyser at dei har nytta seg av dei ulike sentra, varierer mykje - frå under ti prosent for Nasjonalt senter for nynorsk opplæring til over 30 prosent for Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa og Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Alle dei ti sentra blir nytta meir i 2016 enn i 2014.
Barnehagane bruker sentra mest gjennom digitale tenester som nettside, nyheitsbrev og Facebook.
Hva svarer Barnehage-Norge?
Spørsmål til Barnehage-Norge blir gjennomført hvert år. Noen temaer gjentas og noen varierer.