Petra Petersen har bakgrunn som barnehagelærar i fleirspråklege område. Men trass vilje til å skape fleirspråklege miljø i barnehagen har ho opplevd det som vanskeleg.
– Det held ikkje å klistre opp nokre flagg og bruke helsingsfrasar i gangen. Barnehagelærarar har ei vanskeleg oppgåve med å la barn få vere delaktige og kommunisere på fleire språk, seier ho.
Samtidig er det viktig å la barna få bruke dei språka dei kan, meiner Petersen, som i dag er forskar ved Universitetet i Stockholm.
– Du kan ikkje berre ta bort ein del av kompetansen og identiteten til barnet. Men sånn blir det for dei barna som ikkje får moglegheit til å uttrykke seg. Vi må prøve å utnytte den kompetansen dei har, seier ho.
Opna for finsk i kvardagen
I doktorgraden sin har forskaren no undersøkt korleis digitale ressursar kan vere med på å løfte fram minoritetsspråk i barnehagen. Gjennom videoopptak og intervju i svenske barnehagar har ho utforska kva som kan skje viss nettbrett blir aktivt brukte til dette formålet.
I Sverige er finsk eitt av fleire offisielle minoritetsspråk. Petersen følgde to avdelingar der det fanst enkeltbarn som kunne både svensk og finsk, men som ikkje hadde nokon på avdelinga å snakke finsk med. Ei tredje barnehageavdeling var finskspråkleg, noko som innebar at fleire, både blant personalet og barna, snakka begge språk.
Saman med Petersen og ein prosjektleiar i kommunen utvikla avdelingane nokre forslag til korleis dei kunne bruke digitale ressursar for å inkludere finsk i barnehagekvardagen. Petersen følgde med på korleis det fungerte.
«Personalet skal bidra til at språklig mangfold blir en berikelse for hele barnegruppen, støtte flerspråklige barn i å bruke sitt morsmål og samtidig aktivt fremme og utvikle barnas norsk-/samiskspråklige kompetanse»Rammeplan for barnehagen
Gul – eller keltainen?
Ein av situasjonane ho fanga på videoopptak, var av fireåringane Lisa og Marta som såg på nettbrett saman med ein barnehagelærar. Alle tre snakka svensk, men Marta kunne også finsk, som den einaste på avdelinga. På skjermen brukte dei ein app med fargar på ulike språk.
Då dei såg eit bilete av ein banan, var Marta usikker og ville ikkje seie kva ordet «gul» heitte på finsk då barnehagelæraren spurde ho. Så høyrde dei ordet «keltainen» frå høgtalaren, og Marta gjentok det og lo. Ifølgje Petersen var episoden ganske typisk: Bruk av denne typen verktøy resulterte som oftast i at barna uttalte korte uttrykk på finsk, gjerne enkeltord.
– Men likevel oppstod det nye moglegheiter for barn og pedagogar til å utforske språk saman, sjølv om pedagogen ikkje kunne minoritetsspråket, seier Petersen.
Ikkje berre hos mormor og morfar
Forskaren påpeikar at digitale ressursar har høg status blant barn. Dermed kan også statusen til minoritetsspråket bli heva, ifølgje hennar observasjonar.
– Eg har mange gonger sett at barna samlar seg rundt nettbrettet. Dei blir kjempeinteresserte og ønskjer å lære seg finsk.
For sjølv om det ikkje burde vere slik, har minoritetsspråk ofte ein lågare status enn majoritetsspråket i eit samfunn, påpeikar Petersen.
– Her har digitale ressursar eit potensial. Viss barna koplar minoritetsspråket til nettbrettet, blir språket meir interessant, også for dei barna som kan det. Det blir ikkje berre noko ein snakkar hos mormor og morfar.
Sjølv om ho såg på finsk i studiane sine, meiner ho at verktøya kan fungere med mange slags språk.
– Ein kan ta utgangspunkt i dei språka som finst i barnegruppa.
Kan jamne ut forskjellar
Petersen forska også på bruken av appar som ikkje handlar direkte om språk, men der barna kunne skape eigne historier. Her kunne barna ta bilete eller teikne med fingeren og lage forteljingar. Nokre gonger spelte dei også inn si eiga stemme.
– Når vi overlét dokumentasjonsverktøyet til barna, løftar vi fram deira perspektiv. Kva vil dei ta bilete av? Kva vil dei vise foreldra sine? Det blir noko anna enn det vi pedagogar viser fram, seier Petersen.
Ho observerte at barna blei meir delaktige, uansett kva språk dei snakka.
– Slik kunne verktøya vere med å jamne ut forskjellane, både barna imellom og mellom vaksne og barn.
«Barnehagens digitale praksis skal bidra til barnas lek, kreativitet og læring. Ved bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal dette støtte opp om barns læreprosesser og bidra til å oppfylle rammeplanens føringer for et rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn»Rammeplan for barnehagen
Ein risiko for krangling finst det sjølvsagt, vedgår ho.
– Men då må barna vente på tur, som alltid elles. Dessutan minskar du risikoen for konflikt viss nettbretta blir ein del av den daglege praksisen, og ikkje berre noko du tar fram ein sjeldan gong.
Personalet ville halde fram
I dag er det mange som stiller spørsmål ved små barn sin bruk av digitale ressursar. Verdsorganisasjonen for helse (WHO) har tilrådd at barn mellom to og fire år ikkje bør sitje stille framfor ein skjerm i meir enn ein time dagleg.
– Men det er endå viktigare å snakke om kva innhald som finst, og korleis det skal brukast, meiner Petersen.
– Nettbrettet skal ikkje vere ei barnevakt. Men vi kan bruke det aktivt i pedagogikken.
Ifølgje hennar funn var appane essensielle for at barna skulle kunne ta del i aktivitetar på minoritetsspråket. Men personalet måtte leggje aktivt til rette for bruken. Personalet opplevde appane som avgjerande for å få tilgang til fleirspråkleg materiale. Då studien var over, ønskte alle avdelingane å halde fram med dei verktøya dei hadde tatt i bruk.
Namna på barna i teksten er fiktive.
Tips frå forskaren
- Ta utgangspunkt i språka som finst i barnegruppa.
- Arranger fleirspråkleg barnedisko. Spelelister som «Let it go multilanguage» har songar på ulike språk.
- Legg til rette for videomøte mellom barn i ulike barnehagar som snakkar same språk. Då kan dei bli kjende, snakke og syngje saman og erfare at språket blir brukt av fleire enn dei sjølve.
Kjelde: Petra Petersen
Dialogkort: Digital praksis
Hillström har undersøkt bruken av digitale media i to svenske barnehagar. Ho ser på korleis ein på ein god måte kan organisere bruken av digitale verktøy i barnehagen. Vidare gir ho døme på korleis ein kan integrere digitale verktøy med andre kvardagslege aktivitetar.
Nøkkelord for god organisering er klare reglar og involvering av både barn og vaksne.
Dei rammene, reglane og forventningane barn møter, betyr mykje både for den digitale praksisen og for samspelet mellom barna, seier Hillström.
- Korleis legg vi til rette for bruk av digitale verktøy i barnehagen?
- Kva for digitale verktøy har vi i vår barnehage, og korleis bruker vi desse saman med barna?
- Kva rolle speler personalet i bruken av digitale verktøy hos oss?
Skreve av Silje Pileberg på oppdrag for Utdanningsdirektoratet
Kjelde
Petersen, P. (2020). Delaktighet och digitala resurser. Barns multimodala uttryck för delaktighet i förskolan i flerspråkiga områden (Doktoravhandling).