Engasjement for alle

Klarer du å skape engasjement, hjelper du barna med å utvikle seg både kognitivt, emosjonelt og sosialt, ifølgje svensk forskar.

En gruppe barn følger med når en mannlig barnehageansatt snur på en stein i skogen. Barna har sine egne små forstørrelsesglass.

Nokre barn blir lett engasjerte. Kanskje ser dei knapt opp frå teiknearket når nokon kjem inn døra. Andre blir fortare distrahert av ting som skjer rundt dei.

Fleire studiar tydar på at evna til engasjement er viktig for både barn og vaksne. Er engasjementet høgt, har personen ein skjerpa konsentrasjon og eit sterkt uthald. Personen er også iherdig i utføringa av aktiviteten.

– Barnehagepersonale har ein vanskeleg jobb. Dei jobbar med store grupper barn med mange ulike eigenskapar, og alle skal utvikle seg kognitivt, emosjonelt og sosialt. Spesielt krevjande blir det når det dreier seg om barn med behov for særskild tilrettelegging, seier Johannes Finnman Grønaas, forskar ved Mälardalens universitet i Västerås.

I ein kompleks barnehagekvardag kan det vere nyttig å rette blikket mot barnas engasjement, meiner han.

– Får ein opp engasjementet, kan det gje store fordelar, også for dei barna som strevar.

Hyperaktivitet var kopla til mindre engasjement

I ei spørjeundersøking blant barnehagetilsette i 106 svenske barnehagar såg Finnman Grønaas og kollegaer på korleis barnas engasjement var kopla til ei rekkje andre faktorar. Kvar barnehagetilsett svarte for ei lita gruppe barn som dei kjende godt. Totalt var over 800 barn med i studien.

Forskarane fann at utfordringar med konsentrasjon og merksemd eller hyperaktivitet hang saman med lågare engasjement hos barnet. Det same gjorde emosjonelle vanskar, noko som til dømes kan innebere at barnet lett blir trist og trekkjer seg inn i seg sjølv.

To barn leker i et treskip. En voksen dame ser på og smiler.

Dette påverka igjen kor mykje interesse personalet viste for dei enkelte barna.

– Barn med slike vanskar fekk mindre merksemd enn andre barn. Engasjerte barn er lettare å stimulere, fortel Finnman Grønaas.

Tidlegare studiar har gitt liknande funn. Mellom anna har den italienske forskaren Luigi Girolametto funne at barn som strevar med åtferd eller emosjonar, får vere mindre i fokus, får mindre avanserte instruksjonar og risikerer i større grad å bli oversett av personalet enn andre barn.

Travelt for personalet

Finnman Grønaas ser dette som ei utfordring.

– Desse barna uttrykkjer at det nettopp er merksemd dei treng. Men viss eit barn har vanskeleg for å sitje stille eller blir veldig lett sint, er det lett at merksemda barnet får, blir negativ. Barnehagepersonalet får det travelt med å drive brannsløkking, og det blir mindre tid til å gi positive tilbakemeldingar både til barnet det gjeld, og barna som er rundt.

Dette kan vere enda vanskelegare å oppdage hos barn med emosjonelle vanskar enn barn med hyperaktivitet, ifølgje Finnman Grønaas.

– Dei er mindre synlege fordi dei ikkje skaper problem for andre. Her må personalet vere ekstra merksame for å fange dei opp.

Å finne aktivitetar som engasjerer

Ifølgje rammeplanen for barnehagen skal alle barn få erfare at dei betyr noko for fellesskapet og at dei er i positivt samspel med barn og vaksne. Alle barn skal også få utvikle seg, lære og oppleve framgang.

Finnman Grønaas trur at personalet kan få til mykje ved å konsentrere seg om engasjementet.

Engasjerte barn lærer raskt, og dei utviklar seg fortare både emosjonelt, kognitivt og sosialt. Engasjement i barndommen aukar også sjansen for å oppleve dette seinare i livet, ifølgje forskaren.

«Vi må sikre at alle får merksemd, og at alle er med. Og vi bør gjere det så tidleg som mogleg. Dess lenger vi ventar, dess lettare er det å komme inn i ein vond sirkel der dei barna som strevar, utviklar seg langsamare enn andre.»

I barnehagekvardagen kan personalet prøve å finne aktivitetar som engasjerer barna, foreslår han.

– Bli kjend med barna og leit etter interessene deira på eit tidleg stadium. Er barna hyperaktive, gjeld det å finne ein stad dei kan kanalisere energien sin, rår Finnman Grønaas.

– Ver ekstra obs på barn med andre morsmål

I enkelte avdelingar er utfordringane større enn andre stader. Spesielt utsette er barnehagar der mange barn har andre morsmål enn majoritetsspråket, ifølgje forskaren.

I studien fann han og kollegaene at barn med andre morsmål hadde meir hyperaktivitet og lågare engasjement enn andre barn.

Finnman Grønaas rår barnehagepersonale til å vere obs: Er du i tvil, få foreldra med på laget og start ei utreiing, oppmodar han.

I studien såg forskarane også at dei eldste barna i barnehagane generelt viste meir engasjement og blei meir sett av personalet enn dei yngste. Dette gjaldt spesielt barn som hadde svensk som andrespråk.

– Her veit vi ikkje årsaka. Men det vi trur, er at barna får betre kontakt med personalet når dei har lært seg språket betre, og at det gir positive ringverknader, seier Johannes Finnman Grønaas.

Rammeplan for barnehagen seier:

«Personalet skal støtte barnas aktivitet, engasjement og deltakelse i fellesskapet. Barnehagen skal bidra til at alle barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom lek – alene og sammen med andre.»