I ein studie av korleis barn leikar saman, tok forskarane eit uvanleg perspektiv: Dei undersøkte korleis barn og barnehagepersonale brukte makt for å få det som dei ville.
– Å sjå på samspelet i barnehagane i eit maktperspektiv synest vi var eit litt dristig grep. Vi tenkjer jo vanlegvis ikkje at barn har makt. Men det har dei, og det har også personalet, seier Gunnar Magnus Eidsvåg, forskar ved Universitetet i Stavanger.
Forskarane ønskte ikkje å leite etter feil, påpeikar han. Dei ønskte heller å få eit innblikk i korleis barnehagepersonalet handterte det når nokre barn tok styringa i leiken.
– Særleg i den eine barnehagen vi studerte, var personalet svært bevisste på dette. Dei hadde heilt klare måtar å handtere slike situasjonar på for å fremje ei oppleving av tilhøyrsle hos alle barna.
Små barn med store planar
Forskarane gjorde videoopptak i tre barnehagar, to offentlege og ein privat, over ein periode på to år. I tillegg intervjua dei både personalet og fleire av barna. Totalt 100 barn i alderen 3–6 år var med i studien.
Ein tilsett i den eine barnehagen uttrykte det slik:
«Vi har våre «dronningar» og «kongar» i denne gruppa. Desse barna ønskjer å bestemme innhaldet i leiken, og dei kan gå bort til andre barn som leikar, ta kontroll over leiken og heilt endre innhaldet.»
Eitt av desse barna var femåringen Carl. Sjølv var han bevisst på at han kunne ta styringa. Då han i eit intervju blei spurt om kven som bestemte i leiken, svarte han: «Det er eg som bestemmer kva vi leikar.»
Protesterte på personalets innblanding
– Nokre barn tek meir initiativ enn andre. Dei har godt språk og er flinke til å setje i gang nye leikar. Ofte er desse barna populære, men samtidig kan dette føre til at andre barn ikkje får brukt kreativiteten sin på same måte, seier Eidsvåg.
Særleg barn som ikkje snakkar norsk heime, har lett for å få ein følgjande posisjon i leik, ifølgje studiar. Det såg forskarane også her. I ein videoobservasjon såg dei til dømes korleis personalet prøvde å dempe Carls kontroll over leikekameraten Dimitri ved å foreslå at Dimitri kunne endre aktivitet i leiken. Men då protesterte Carl, som vann fram.
– I dette tilfellet lét personalet det vere opp til barna å endre dei maktrelasjonane som var blitt etablerte. Carl heldt fram med å kontrollere og diktere kameraten, som verka fastlåst i ei følgjande rolle.
Ein annan barnehage i studien hadde derimot ei svært bevisst tilnærming til dei maktkonstellasjonane som fanst mellom barna. Dette var barnehagen til fem år gamle Anja.
Delte barna inn i grupper
Anja var svært initiativrik. Ho viste, både i intervju og i observasjonar, ein sterk rettferdssans, og ho inkluderte alle. Likevel tok ho ofte den mest populære rolla sjølv. Når dei leika familie, var dette rolla som baby.
– Anja var flink til å leike, flink språkleg og godt likt av dei andre barna. Men når leiken kom i gang, blei ho veldig ivrig og utøvde ei slags makt der ho bestemte retninga på leiken. Sjølv når ho hadde rolla som baby, var det ho som fortalde dei andre kva dei skulle gjere, seier Eidsvåg.
Personalet på avdelinga såg denne dynamikken, og dei visste råd. Eit viktig grep var å dele barna inn i grupper. Nokre gonger sette dei gruppene saman ut frå kven barna likte best å leike med.
Andre gonger sette dei barna som tok minst initiativ, i same gruppe.
– Slik brukte personalet makta si til å skape ein sosial boltreplass for dei barna som elles tok passive roller. Dei opna også opp for nye relasjonar og eit skifte i maktbalansen barna imellom. Men det var viktig at personalet var til stades og støtta opp om relasjonane som oppstod i dei nye gruppene, og at barna fekk tid til å bli trygge og utfalde seg ilag med kvarandre.
Å høyre til i barnehagen
Noko personalet i alle barnehagane var opptekne av, var å gje barna tydeleg rettleiing i sosiale situasjonar. Dette er ein del av ansvaret til alle som jobbar med barn, ifølgje Eidsvåg.
«Til dømes er det viktig å utvikle evna til å ta ulike perspektiv. Denne evna ligg til grunn for å kunne føle empati, og det er noko vi treng heile livet. Når personalet hjelpte barna å forstå at andre barn opplevde situasjonen annleis enn dei sjølve, var det nettopp denne evna dei utvikla. Også her brukte personalet makta si.»
Makt kan vere både positivt og negativt, påpeikar han. På den positive sida gir det personalet rom til å påverke, og blant barna opnar det for leikeinitiativ og kreativitet.
Samtidig kan det gå ut over fridomen og opplevinga av tilhøyrsle blant dei barna som tek mindre initiativ.
– Å oppleve at ein høyrer til, er kjempeviktig, og der er barnehagen ein undervurdert arena. Her møtest folk med ulike bakgrunnar og interesser. Gjennom barnehagen blir det skapt eit band mellom barn, tilsette og føresette.
Den viktige leikeerfaringa
I alle barnehagane gjorde personalet grep for å styrke den sosiale posisjonen til barna. Til dømes løfta dei fram kompetansen til barna ved å kommentere ting dei fekk til.
– Vi kunne også sjå at barn som sat åleine med ein leik, til dømes eit brettspel, fekk selskap av ein barnehagelærar. Då tok det ikkje lang tid før det kom fire–fem barn til. Ser vi dette i eit maktperspektiv, er det tydeleg kor viktig rolla til personalet er.
Det var også tilfelle der to barn kunne leike fint ilag lenge, men der den eine valde vekk den andre viss det var andre kompisar tilgjengeleg. Her la personalet vekt på å skape rom for den gode leiken dei to barna imellom.
– Dette er eitt av mange etiske dilemma ein opplever i ein barnehage. Ein kan ikkje bestemme kven barna har preferansar for. Men den fine leiken desse to gutane opplevde, hadde truleg verdi for begge. Sjølv om han eine i ein annan setting blei vald vekk, hadde han likevel fått erfare at også han kunne vere ein god venn.
Tips frå forskaren
- Ver tett på barnegruppa og bruk tid på å observere. Då vil du få verdifull informasjon om samspelet mellom barna.
- Gje barn ulike sosiale rom til å utvikle relasjonar. I éin sosial kontekst kan det verke som om to barn har lite til felles, i ein annan kontekst kan dei finne saman og få verdifulle leikeerfaringar.
Dialogkort
Ta utgangspunkt i artikkelen og diskuter desse spørsmåla:
- På kva måtar legg vi til rette for at alle barn får ein plass i leiken sjølv om nokon tek meir initiativ enn andre?
- Korleis jobbar vi med å utvikle empatien til barna?
Skreve av Silje Pileberg på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.
Sitata frå barn og personale er henta frå studien om omsette frå engelsk. Namna på barna er fiktive.
Kjelde
Eidsvåg, G. M. & Rosell, Y. (2021). The Power of Belonging: Interactions and Values in Children’s Group Play in Early Childhood Programs. International Journal of Early Childhood 53, 83–99. https://doi.org/10.1007/s13158-021-00284-w