Når barnehagepersonalet er engasjerte i barn sin fysiske aktivitet, kan det ha to viktige positive konsekvensar, ifølgje ein ny studie:
- Aktiviteten varer lenger
- Barna som er minst fysisk aktive, blir med.
– Vaksne er både rollemodellar og trekkplaster, seier Karin Kippe, førsteamanuensis ved Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærarutdanning.
Saman med kollegaer har ho målt aktiviteten i tre norske barnehagar. Alle barnehagane hadde eit middels aktivitetsnivå, ifølgje målingar forskarane hadde gjort tidlegare.
– Vi såg at personalet tok ei oppmuntrande og motiverande rolle overfor barna. Dei kunne også vere aktive sjølve. Når vaksne var engasjerte, kom det impulsar inn i leiken, og barna var aktive lenger.
Nokre barn er rolegare enn andre
Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår at barn over tre år skal vere i moderat til hard fysisk aktivitet i minst ein time dagleg.
Dette er bra for barna, og det gir også eit viktig grunnlag: Utover i skulealder dalar nemleg aktivitetsnivået, men gode vanar frå barneåra følgjer med barna vidare i livet, ifølgje Kippe.
– Dei fleste barn treng ikkje å bli bedne om å røre på seg. Men i observasjonane såg vi at enkelte barn var mindre aktive enn andre, fortel Kippe.
– Men nokre barn er jo rolege av natur. Bør ein pushe desse?
– Det er det fleire som har spurt meg om! For det er jo forskjellar, både mellom gutar og jenter og innanfor i desse gruppene. Men her meiner eg at vi må lene oss på tilrådingane frå WHO.
Aktivitet gir glede og meistring
Sjølv sat ho i utvalet som laga nasjonale retningslinjer til ny rammeplan som blei gjeldande frå august 2017.
I rammeplanen blei det lagt inn ei formulering om at barnehagen skal vere ein dagleg arena for fysisk aktivitet:
«Barnehagen skal være en arena for daglig fysisk aktivitet og fremme barnas bevegelsesglede og motoriske utvikling»
– Vi treng likevel ikkje pushe barna. Vi kan heller lokke med at dette er artig og spennande, og la dei få erfare at aktivitet også gir glede og meistring. Vi greier det kanskje ikkje alltid, men vi kan forsøke, seier Kippe.
Då må personalet vere merksame på kva preferansar barna har, meiner ho og kjem med nokre døme:
– Liker dei best å sitje i sandkassa, eller kanskje på ein sykkel som blir brukt i rolleleik, framfor å vere i bevegelse? Bruker dei helst overkroppen, mens dei elles sit i ro? Desse barna treng at personalet får dei med, til dømes ved å oppmuntre dei til å bli med i leiken eller ved å ta initiativet til å vere aktive saman med dei.
Å seie ja til barna
I tillegg til å observere aktiviteten i barnehagane har forskarane også intervjua fleire i personalet som ein del av eit større forskingsprosjekt.
Ifølgje intervjua opplevde personalet det aller lettast å motivere barna til jamn aktivitet ute på tur. I barnehagen sitt uteområde var det også mykje aktivitet, men denne var meir spontan.
Fleire i personalet påpeika at det var viktig å seie ja når barna tok initiativ. Barna kunne til dømes spørje om dei fekk starte ein aktivitet, eller om barnehagelæraren ville bli med.
Ein i personalet sa det slik:
«Viss vi hadde sagt «ikkje no», ville han berre ha gått og sett seg i sandkassa. Men når vi seier «ja, vi blir med», skjer faktisk aktiviteten.»
Meir stillesitting innandørs
Observasjonane forskarane gjorde, tyda på at leiken innandørs jamt over er mindre aktiv enn uteleiken. Innandørs leik er ofte stillesitjande og har fleire reglar.
– Sidan barnehagane bruker mykje tid inne i vinterhalvåret, er det viktig å leggje til rette for barn sin fysiske aktivitet også der, anten på enkelte tidspunkt i løpet av ein dag eller på eigne rom. Det kan også vere fint med bevegelsesleikar i samlingsstunda, til dømes song eller danseleikar, foreslår Kippe.
Viss personalet organiserer aktivitetar eller er fysisk med på dei, kjem det fort fleire barn til, påpeikar ho.
Ho poengterer likevel at også vaksne kan ha ulike preferansar:
– Nokre er gode til å organisere leik, andre boblar over av idear. Andre igjen er kjempeflinke til å samle barn og snakke med dei. Her må alle finne ut kva som passar for dei. Det er ikkje slik at alle må springe gjennom hinderløypa på uteområdet.
Tips frå forskaren
- Barnehagestyraren må kommunisere at fysisk aktivitet er viktig. Det er den kollektive tenkinga som gjer at barnehagar lykkast.
- Jobb med andre fagområde, til dømes musikk, kunst og handverk, på ein fysisk aktiv måte. Kanskje de kan bruke bevegelsesleikar eller dans i samlings stunda?
- Dei barna som er mindre fysisk aktive, har ofte andre interesser som opnar for fysisk aktivitet. Kan de dikte opp ei historie med bevegelsar til, eller bruke kroppsrytmen i rim og regler?
Skreve av Silje Pileberg på oppdrag for Utdanningsdirektoratet.
Sitatet frå personalet er henta frå studien og omsett frå engelsk.
Kjelde
Kippe, K. Fossdal, T. S. & Lagestad, P. (2021). An Exploration of Child–Staff Interactions That Promote Physical Activity in Pre-School. Frontiers in Public Health, Children and Health, 9.