Ungdom i oppfølgingstenesta 2023–2024
Talet på ungdommar i oppfølgingstenesta aukar igjen
Det var fleire ungdommar i oppfølgingstenesta i juni 2024 enn i fjor, noko som kan kome av fleire unge i denne aldersgruppa. I juni 2024 var det 15 449 ungdommar i oppfølgingstenesta, ei auke på 4,7 prosent samanlikna med i fjor.
Hovudfunn
- Nesten 700 fleire ungdommar i oppfølgingstenesta
- Auka er størst blant dei eldste ungdommane
- 2 av 5 ungdommar kjem i aktivitet i løpet av skoleåret, dei fleste av desse er i tiltak
- Halvparten av ungdommane er i oppfølgingstenesta to år på rad. Dette er på same nivå som tidlegare år
Fleire ungdommar i oppfølgingstenesta tre år på rad
Oppfølgingstenesta følgjer opp ungdommar i alderen 16–21 år som verken går på skole, er i lære eller jobbar, og skal formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremmande tiltak. Sjølv om talet på tilmeldte ungdommar i Oppfølgingstenesta auka for tredje år på rad, er talet framleis 3 600 færre enn for 10 år sidan. Det er ein nedgang på 19 prosent og kan sjåast i samanheng med auka gjennomføring i vidaregåande opplæring. Under pandemien heldt talet på ungdommar i oppfølgingstenesta fram med å falla. Talet på ungdommar i oppfølgingstenesta har auka igjen dei siste tre åra til eit høgare nivå enn året før pandemien.
Fleire tal ligg i statistikkbanken på udir.no.
Frå 2023 til 2024 var det nesten 7 000 (2,2 prosent) fleire ungdommar i Noreg i alderen 16 til 20 år. 4,7 prosent av alle ungdommar i Noreg mellom 16 og 20 år var i juni 2024 registrert i oppfølgingstenesta, som inneber at dei ikkje gjekk på skole eller hadde jobb. Talet for 2023 var 4,6 prosent.
Mange har ikkje søkt om skole- eller læreplass
Over ein tredel av ungdommane, 38 prosent, vart kontakta av oppfølgingstenesta fordi dei ikkje hadde søkt skole- eller læreplass. Delen som ikkje hadde søkt skole- eller læreplass er lik blant gutar og jenter. 29 prosent, eller 4 400 ungdommar, vart kontakta fordi dei slutta i skole eller lære i løpet av skoleåret. Dei resterande ungdommane har enten takka nei til plassen dei fekk (12 prosent), eller har andre grunnar til å ikkje vera i opplæring eller arbeid (21 prosent).
Nesten halvparten av dei yngste, 17 år eller yngre, er i oppfølgingstenesta fordi dei slutta i skole eller lære i løpet av skoleåret. Berre 16 prosent i den yngste aldersgruppa er i oppfølgingstenesta fordi dei ikkje har søkt vidaregåande opplæring. Blant dei eldste er det omvendt, 66 prosent av 20-åringane er tilmelde oppfølgingstenesta fordi dei ikkje har søkt vidaregåande opplæring, mens berre 13 prosent avbraut opplæringa i løpet av skoleåret.
2 av 5 ungdommar i oppfølgingstenesta er komme i gang med opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak
Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at ungdom i målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak. Innan 15. juni 2024 hadde 40 prosent av ungdommane byrja i opplæring, jobb eller tiltak etter å ha vore i kontakt med oppfølgingstenesta. Denne delen er 1 prosentpoeng høgare enn i juni i fjor.
Om oppfølgingstenesta
Oppfølgingstenesta (OT) er ei fylkeskommunal teneste for ungdom under 21 år som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje er i vidaregåande opplæring eller arbeid.
Oppfølgingstenesta har òg ansvaret for å koordinere og samordne den tverrfaglege innsatsen for desse ungdommane.
Det er stor variasjon mellom fylka både når det gjeld delen ungdommar dei ikkje har fått tak i (ukjend status) og delen som har komme i aktivitet. Delen ungdommar med ukjend status er høgst i Oslo med 35 prosent, mens han er lågast i Rogaland med 1 prosent. 56 prosent av ungdommane i Telemark har komme i aktivitet i løpet av skoleåret, mens prosentdelen er 23 i Oslo.
Mange kjem ikkje i aktivitet
Om lag 8 700 gutar og 6 800 jenter var registrerte i oppfølgingstenesta skoleåret i juni 2024. Ein større del gutar byrja i opplæring, jobb eller andre aktivitetstiltak enn jenter. Totalt var 31 prosent av ungdommane i tiltak i regi av Nav eller ulike fylkeskommunale opplæringstiltak.
28 prosent av ungdommane har ikkje komme i aktivitet, men får oppfølging og rettleiing av oppfølgingstenesta. Nokre ungdommar har oppfølgingstenesta ikkje fått kontakt med. Dette gjeld 11 prosent av målgruppa til oppfølgingstenesta. Delen er høgare blant gutar enn jenter med høvesvis 7 og 4 prosent. 8 prosent av dei som er i målgruppa er sjuke eller i institusjon. Dette er 1 prosentpoeng mindre enn året før.
Over halvparten er i oppfølgingstenesta to skoleår på rad
Gjengangarar er ungdom som er registrerte i oppfølgingstenesta to skoleår på rad. Av dei ungdommane som var registrerte i oppfølgingstenesta i juni 2023, er nesten 54 prosent tilbake i juni 2024. Dette talet er om lag som året før.
Det er forskjellar mellom dei ulike aldersgruppene. Dei yngste ungdommane kjem raskare tilbake til skolebenken eller i jobb enn dei eldste. I 2023 var 52 prosent av dei som er 17 år eller yngre gjengangarar. 19-åringane er i større grad i oppfølgingstenesta to år på rad. I 2024 var 56 prosent av ungdommane på 19 år gjengangarar.
Om statistikken
Statistikken viser kor mange ungdommar mellom 16 og 21 år som er registrerte i oppfølgingstenesta (OT). Tilmeldingskode angir årsaka til at ungdommen er registrerte i OT. Det kan vere ungdom som ikkje har søkt, som har takka nei, som har slutta i skole/lære eller av andre grunnar ikkje er i opplæring eller jobb. Statuskode angir kva som er hovudaktiviteten til ungdommen på rapporteringstidspunktet.
Statuskodane er delte inn i fire hovudgrupper:
- I aktivitet (ungdommar som har byrja i skole, arbeid eller tiltak)
- Avklart (ungdommen treng ikkje oppfølging på dåverande tidspunkt)
- Under oppfølging og rettleiing (ungdommar ein førebels ikkje har funne eit tilbod til)
- Ukjend (oppfølgingstenesta har ikkje fått kontakt med ungdommen)
I utrekninga av gjengangarar er ikkje 21- åringar med fordi dei ikkje lenger er i målgruppa til OT.
Fleire tal og analysar av gjennomføring
Elevar som har slutta i vidaregåande opplæring (Statistikkbanken)
Gjennomføring av læretida (Statistikkbanken)
Ungdom utan og utanfor vidaregåande opplæring (Statistikkbanken)
Overgang til vidaregåande opplæring (Statistikkbanken)