Over halvparten av elevane tek eit av dei tre mest populære valfaga
Skoleåret 2020–21 kan skolane tilby opplæring i 16 ulike valfag. Likevel tek 55 prosent av elevane anten fysisk aktivitet og helse, friluftsliv eller design og redesign.
Hovedfunn
- 55 prosent av elevane tek eit av dei tre største valfaga
- Fysisk aktivitet og helse er fortsatt det mest populære valfaget.
- Mange vel trafikk på 10. trinn
- Det er høgare karaktersnitt i valfaga enn i andre fag.
- Det er store forskjellar mellom gutar og jenter i kva fag dei vel
55 prosent av elevane tek eit av dei tre største valfaga
Skoleåret 2020–21 kan skolane tilby opplæring i 16 ulike valfag. Likevel tek 55 prosent av elevane eit av dei tre største valfaga:
- fysisk aktivitet og helse
- friluftsliv
- design og redesign
Til saman tek 6 prosent av elevane dei 6 minste valfaga. Færrast elevar, under 2 prosent totalt, tek faga kulturarv, demokrati i praksis og reiseliv.
Valgfag | Antall | Andel |
---|---|---|
Fysisk aktivitet og helse | 59 136 | 32,2 % |
Friluftsliv | 23 617 | 12,8 % |
Design og redesign | 18 673 | 10,2 % |
Produksjon for scene | 17 663 | 9,6 % |
Innsats for andre | 14 639 | 8,0 % |
Programmering | 10 940 | 5,9 % |
Trafikk | 8 938 | 4,9 % |
Teknologi og design | 7 371 | 4,0 % |
Produksjon av varer og tjenester | 6 710 | 3,6 % |
Medier og kommunikasjon | 5 897 | 3,2 % |
Ideer og praktisk forskning | 3 028 | 1,6 % |
Praktisk håndverksfag | 2 195 | 1,2 % |
Internasjonalt samarbeid | 1 614 | 0,9 % |
Kulturarv | 1 315 | 0,7 % |
Demokrati i praksis | 1 150 | 0,6 % |
Reiseliv | 1 013 | 0,6 % |
Sum valgfag | 183 899 | 100 % |
Innsats for andre og friluftsliv aukar mest
Ser vi på utviklinga frå 2014–15, er fysisk aktivitet og helse framleis det mest populære valfaget. Valfaget innsats for andre har dobla seg og har auka frå 4 til 8 prosent. Friluftsliv har auka frå 8 til 13 prosent og er no det nest største valfaget.
Faget programmering blei innført i skoleåret 2016–17, og i 2017–18 valde 2,9 prosent av elevane faget, flesteparten gutar. I 2020–21 valde 6 prosent av elevane faget. 9,8 prosent av gutane og 1,9 prosent av jentene tek faget. 426 av skolane gir opplæring i faget, noko som svarer til 34 prosent.
Fysisk aktivitet og helse er det mest populære valfaget.
Merk: Faga programmering og praktisk handverksfag var ikkje oppretta i 2014 og viser dermed 0 deltakarar.
Mange vel trafikk på 10. trinn
Det er nokre forskjellar mellom årstrinna når det gjeld kva valfag elevane tek.
Den største forskjellen mellom 8. og 10. trinn finn vi for trafikk, som berre 0,1 prosent av elevane på 8. trinn tek, men som aukar til 12 prosent på 10. trinn. Hovudårsaka er at på 10. trinn kan faget bli tilrettelagt for delar av trafikalt grunnkurs, og at ein ikkje kan lærekøyre moped før ein fyller 15 år.
Vi ser ein stor forskjell mellom by og land for faget trafikk. I dei minste kommunane tek 15 prosent av ungdommane valfaget trafikk på 10. trinn, i dei 10 største kommunane prosentdelen 6 prosent.
Store kjønnsforskjellar
Gutane tek oftare programmering, teknologi og design, friluftsliv og fysisk aktivitet og helse enn jentene. Jentene tek i betydeleg større grad design og redesign, innsats for andre og produksjon for scene enn gutane.
Ei evaluering frå 2015 viste at det i følgje skoleleiinga ikkje er nokon særskilt grunn til at valfaga er så kjønnsdelte. Faga kan ha utvikla seg til å bli «gutefag» og «jentefag» og elevane ønskjer ikkje å vere einaste eller ein av få av kjønnet sitt i eit valfag (Dæhlen og Eriksen 2015).
Mange vel trafikk på 10. trinn.
Skolane gir i gjennomsnitt opplæring i fem valfag
25 prosent av skulane underviser i sju eller fleire valfag, mens 11 prosent ikkje tilbyr valfag. 91 prosent av elevane går på ein skole med minst fire valfag. I gjennomsnitt underviser skulane i fem ulike valfag.
21 prosent av skulane gir berre opplæring i eitt eller to valfag. Skolane kan ha tilbydd fleire, men avgrensa ressursar eller låg påmelding kan gjere at dei likevel berre har opplæring i eitt valfag.
Nesten halvparten av skulane som berre underviser i eitt valfag, har færre enn ti elevar på ungdomstrinnet. Desse skolane underviser i hovudsak i fysisk aktivitet og helse eller friluftsliv. Det finst nokre få skolar med over 100 elevar som berre tilbyr eitt valfag. Dette er private skolar med ein spesialisert profil, til dømes innanfor idrett. Delen skolar som tilbyr valfag
Det er store forskjellar mellom gutar og jenter i kva valfag dei tek.
Skolar med fleire enn 300 elevar på ungdomstrinnet gir i gjennomsnitt opplæring i åtte valfag, mens skular med mindre enn 100 elevar i gjennomsnitt gir opplæring i tre valfag.
Høgare karaktersnitt i valfaga enn i andre fag
Sidan karakterane blei innførte, har dei gjennomsnittlege grunnskolepoenga auka frå 40,4 i 2013–14 til 43,2 i 2019–20, og delar av denne auken kan tilskrivast innføringa av karakterar i valfag.
Gjennomsnittskarakteren i valfag er 4,9. Faga med høgast gjennomsnittskarakter er innsats for andre og fysisk aktivitet og helse med 5,1 i snitt. Teknologi og design har lågast gjennomsnittskarakter med 4,6 i snitt. Jenter får gjennomgåande betre karakterar enn gutar.
Det ser ut til at karakterane tilfører valet av valfag eit strategisk element, ved at nokre elevar vel fag det er lett å få god karakter i, framfor eit fag dei synest verkar meir spennande (Dæhlen og Eriksen 2015).
I evalueringa frå 2015 var eit fleirtal av lærarar er negative til karakterar i valfag (Dæhlen og Eriksen 2015). Dei meinte at karaktersetjing verkar mot formålet fordi det kan gå ut over motivasjonen dersom elevane får dårlege karakterar. Lærarar kan òg oppleve det som vanskelegare å setje karakterar i valfag enn i andre fag fordi vurderingskriteria er meir uklare.
Elevane var meir delte. Mange ville ha karakterar i valfaga fordi dei meinte at innsatsen blei dårlegare utan karakterar, eller fordi dei ønskjer å forbetre karaktersnittet sitt. Samtidig ønskjer dei at valfaget skal vere ein stad utan karakterpress
Hovudinntrykket er at lite motiverte elevar har større innsats i valfagstimane, men elevar som er både skolefagleg svake og ikkje fysisk aktive, har vanskar med å finne seg til rette i valfaga (Dæhlen og Eriksen 2015).
Kor mange valfag skolen tilbyr, heng nært saman med kor stor skolen er.
Om karakterar i valfag
Ved avslutninga av 10. trinn kan eleven ha hatt berre eitt valfag og éin standpunktkarakter eller fleire valfag og fleire standpunktkarakterar. Alle standpunktkarakterane skal førast på vitnemålet, men det blir berekna eit gjennomsnitt som tel ved inntak til vidaregåande opplæring. Det vil seie at valfag ved inntak til vidaregåande opplæring i praksis er éin standpunktkarakter når poengsummen til eleven skal bereknast.
Om statistikken
Statistikken inneheld informasjon om kva valfag skulen gir opplæring i, men ikkje om kva valfag elevane i utgangspunktet fekk tilbod om å velje mellom. Nokre skular kan ha gitt tilbod om fag som ikkje er sette i gang, til dømes på grunn av låg eller manglande påmelding, få ressursar ved skulen, eller liknande.
138 skular med ungdomstrinn har ikkje rapportert elevar med valfag for skuleåret 2020–21. Dette kjem av at nokre skular legg valfag til vårhalvåret og dermed ikkje kjem med i statistikken. Men dei gjennomfører likevel valfaga innanfor regelverket. For andre skular kjem den manglande rapporteringa av at dei har fritak frå valfag (gjeld m.a. ein del private skular).
Kjelder
Dæhlen, M. og Eriksen, I. M. (2015). "Det tenner en gnist" Evaluering av valgfagene på ungdomstrinnet. (NOVA rapport 2/2015).