Elevar og fagval i vidaregåande opplæring 2024–25

Fleire elevar på helse- og oppvekstfag

Hausten 2024 er det fleire som går yrkesfag enn studieførebuande på vg1. Det har ikkje begynt så mange elevar på helse- og oppvekstfag vg1 sidan skoleåret 2020–21. På studieførebuande er det stadig færre som vel realfag.

Hovudfunn 

  • over halvparten av elevane på vg1 starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram 
  • auke i elevar på helse- og oppvekstfag på vg1 
  • færre elevar på studieførebuande vel realfag 
  • elevtalet på samisk som andrespråk aukar for andre år på rad, som gir ein auke på over 50 prosent på to år 

Over halvparten vel yrkesfag 

Det er i overkant av 189 000 elevar i vidaregåande skolar per 1. oktober 2024. Talet på elevar aukar med 3 300 frå i fjor. Det er 900 fleire elevar på studieførebuande, og 2 400 fleire elevar på yrkesfaglege programmer.  
For første gang er det klart fleire elevar på yrkesfag enn på studieførebuande programmer på vg1. Litt over halvparten av elevane som starta på vg1 på ein vidaregåande skole hausten 2024, starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram. Av figuren nedanfor ser vi at andelen på yrkesfag har auka gradvis i perioden 2015–2024.

Fordeling av elevar på vg1 etter studieretning

Line chart with 2 lines.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
The chart has 1 X axis displaying categories.
The chart has 1 Y axis displaying 1. Data ranges from 46 to 54.
End of interactive chart.

*Medium og kommunikasjon (gammal ordning) reknes som studieførebuande 

Studiespesialisering er det største av alle utdanningsprogramma med 36 prosent av elevane på vg1. Det tilsvara nærmare 3 av 4 elevar på studieførebuande utdanningsprogram. Helse- og oppvekstfag er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet, med 13 prosent av alle elevar på vg1. Blant dei som starta på eit yrkesfagleg utdanningsprogram, starta kvar fjerde elev på helse- og oppvekstfag.  

Fleire elevar på helse- og oppvekstfag 

Elevtalet på vg1 aukar litt på dei fleste yrkesfaglege program i år. Auka er størst i helse- og oppvekstfag og teknologi- og industrifag. Dette er dei to største yrkesfaglege utdanningsprogramma. Etter fleire år med nedgang, er elevtalet på helse- og oppvekstfag i år det høgaste sidan skoleåret 2021–22. Teknologi- og industrifag har fått stadig fleire elevar kvart år sidan 2018–19. Elevtalet har også auka betydeleg på nokre av dei mindre yrkesfaglege programma. Relativt til kor mange elevar dei hadde i fjor er det sal, service og reiseliv og frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign som aukar mest. Elevtalet på desse programma er 11 prosent høgare enn året før. 

Elevtal på dei fire største utdanningsprogramma på yrkesfag, vg1

Line chart with 4 lines.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
The chart has 1 X axis displaying categories.
The chart has 1 Y axis displaying 1. Data ranges from 4336 to 10188.
End of interactive chart.

På vg2 vel elevane kva for programområde dei vil ta innanfor utdanningsprogrammet dei går på. Det er generelt stabilt over år kva som er det største programområdet innanfor kvart yrkesfaglege utdanningsprogram. På helse- og oppvekstfag er det framleis helsearbeidarfag, men elevtalet har gått ned dei siste åra. I år er det 3 400 elevar, som er 300 færre enn i fjor. Dette heng saman med at det har vore nedgang i elevtalet på vg1 i helse- og oppvekstfag i tidlegare år, men det er likevel ein større nedgang enn for barne- og ungdomsarbeidarfag, det nest største programområdet. 

Fleire elevar på yrkesfag vel påbygging 

I år er det ein auke i talet elevar som vel påbygging, etter tre år med nedgang. Skoleåret 2024–25 går 10 800 elevar på påbygging til generell studiekompetanse, som er ein auke på 400 frå året før. Yrkesfaglege elevar kan ta eit år med påbygging for å oppnå studiekompetanse. Dette kan dei gjere enten etter vg2, eller etter dei har oppnådd fag- og yrkeskompetanse. Mange av elevane som startar på eit yrkesfagleg utdanningsprogram ender derfor opp med studiekompetanse. Auka i år er fordi fleire tar påbygging etter vg2, mens talet elevar som tek det etter oppnådd fag- og yrkeskompetanse er stabilt. Dei siste åra har i overkant av 20 prosent av elevane på yrkesfag begynt på påbygging etter vg2, men med store forskjellar mellom utdanningsprogramma.  

Stabilt elevtal på dei fleste studieførebuande program 

Sjølv om elevtalet på vg1 generelt er høgare enn i fjor, er talet på dei studieførebuande programma på vg1 stabilt. Unntaka er idrettsfag, som har høgare elevtal for tredje året på rad, og kunst, design og arkitektur, som har færre elevar for tredje året på rad. Studiespesialisering har også litt fleire elevar enn året før, men relativt til det høge elevtalet er det ein veldig liten endring. 

Stadig fleire vel språk, samfunnsfag og økonomi på studiespesialisering 

På studiespesialisering vel 64 prosent av elevane programområdet språk, samfunnsfag og økonomi, mens 34 prosent vel programområdet realfag. Delen elevar som vel språk, samfunnsfag og økonomi har auka dei siste fire åra. Dei resterande 2 prosentane går på variantar av studiespesialisering kor dei ikkje vel programområde.

Fordeling av elevar på programområde, studiespesialisering vg2

Line chart with 2 lines.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
The chart has 1 X axis displaying categories.
The chart has 1 Y axis displaying 1. Data ranges from 34 to 64.
End of interactive chart.

Psykologi er program- og valfaget med suverent flest elevar. Elevtalet på psykologi har auka jamt sidan 2013–14, og i år er det nesten 19 000 elevar som tek psykologi 1 eller 2. Dette er ein auke på meir enn det dobbelte frå 2013–14.  

Nedgang i elevtal på realfag 

Ettersom det er færre elevar på studiespesialisering som vel realfag som programområde, er det også færre elevar som vel realfag som program- og valfag. Særleg har talet på elevar som tek kjemi og fysikk gått mykje ned dei siste fire åra. Kjemi har til dømes 11 200 elevar i år, etter ein jamn nedgang frå 14 100 elevar i skoleåret 2020–21. Det er også nedgang i dei mindre realfaga. Elevtalet på informasjonsteknologi har gått ned med over 700 elever berre frå i fjor, på toppen av fleire år med nedgang. Biologi har derimot fleire elevar i år, etter tre år med nedgang.  

Det har blitt færre av både jenter og gutar i desse faga, men den prosentvise nedgangen har vore litt større for jentene. Dette gjelder både dei faga kor det var flest jenter, som biologi og kjemi, og der det var flest gutar, som i fysikk og informasjonsteknologi. Talet jenter som tek informasjonsteknologi er meir enn halvert sidan 2019–20. 

Talet elever som tek realfag, alle trinn og utdanningsprogram

Line chart with 5 lines.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
The chart has 1 X axis displaying categories.
The chart has 1 Y axis displaying 1. Data ranges from 1530 to 14657.
End of interactive chart.

Elevar på studieførebuande program må også velje ein form for matematikk på vg2. Talet som vel matematikk for samfunnsfag (S1) er nå éin tredjedel av kva det var i 2020–21. Samtidig har talet som vel praktisk matematikk (2P) auka betydeleg. At færre vel S1 har vore ein tydeleg tendens etter at dei nye læreplanane blei innført for vg2 i skoleåret 2021–22, så det kan vere ein samanheng mellom nedgangen i elevtalet og endring i faget.  Matematikk for realfag (R1) har også auka elevtalet litt i denne perioden, men på tross av dette har det vore ein liten nedgang i kor mange som tek R-matte i vg3 (R2). 

Elevtal på matematikkfag, vg2

Line chart with 3 lines.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
The chart has 1 X axis displaying categories.
The chart has 1 Y axis displaying 1. Data ranges from 2767 to 21145.
End of interactive chart.

Kjønnstypiske utdanningsval i vidaregåande opplæring 

Det er framleis store forskjellar i val av utdanningsprogram for jenter og gutar, særleg i yrkesfagleg retning. Dette har vore stabile tendensar over år. Elektro og datateknologi og bygg- og anleggsteknikk har høvesvis 92 og 91 prosent gutar. I år er jenteandelen ned på bygg- og anleggsteknikk, mens den aukar litt på elektro- og datateknologi.  

Frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign har 92 prosent jenter. Dette har vore ein stabil andel i fleire år. Derimot har det vore ein nedgang i andel gutar på helse- og oppvekst dei siste åra, som er programmet med nest minst andel gutar. I 2019–20 var 21 prosent av elevane gutar, mens i år er det berre 15 prosent gutar på helse- og oppvekstfag.

Kjønnsfordeling på utdanningsprogram på vg1, 2024–25

Bar chart with 2 data series.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
The chart has 1 X axis displaying categories.
The chart has 1 Y axis displaying 1. Data ranges from 8 to 100.
End of interactive chart.

Stor auke i samisk som andrespråk 

For andre år på rad er det stor auke i talet elevar som tek samisk som andrespråk. Elevtalet har stige frå 293 i skoleåret 2022–23 til 453 i år, ein auke på over 50 prosent på to år. I år er det fleire av dei samiske faga som aukar litt. Førre skoleår var det særleg talet på elevar som tek nordsamisk på nivå 4 som sto for auka, og dei aukar litt også i år. Dette er nivået for dei som ikkje har hatt tidlegare opplæring i samisk, men vel å starte når dei begynner på vidaregåande. Derimot er talet elevar som tek samisk som førstespråk stabilt. Dermed er det nå over dobbelt så mange elevar som tek samisk som andrespråk, enn som førstespråk.  

Elevtal på samisk som første- og andrespråk, lule-, nord-, og sørsamisk

Line chart with 2 lines.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
The chart has 1 X axis displaying categories.
The chart has 1 Y axis displaying 1. Data ranges from 178 to 453.
End of interactive chart.

Om statistikken 

Statistikken viser elevar og kva fag dei var registrert på per 1.10 inneverande skoleår. Talet elevar og skoler i vidaregåande opplæring er basert på registerdata på individnivå, henta frå fylkeskommunanes inntakssystem VIGO
I fagval tel vi elevar som er registrert som Elev og Spesialundervisning, og i elevtal for vidaregåande tel vi også Utanlandsk utvekslingselev i Noreg. Vi fjernar også elever som samtidig er registrert med lærekontrakt i ein bedrift, desse skal teljast i statistikken over lærlingar
Vi tel berre elevar som er registrert på skoler i Nasjonalt skoleregister som i medhald til næringskode driver med vidaregåande opplæring. Elevane må være registrert på utdanningsprogram og programområde som finnes i GREP