Ungdom i oppfølgingstenesta 2022–2023
Talet på ungdommar i oppfølgingstenesta aukar
Talet på ungdommar i oppfølgingstenesta aukar for andre år på rad, men er framleis lågare enn før pandemien. I juni 2023 var det 14 800 ungdommar i oppfølgingstenesta, ei auke på 9 prosent samanlikna med i fjor.
Hovudfunn
- Det er fleire ungdommar i oppfølgingstenesta for andre år på rad, men framleis færre enn i 2019, før pandemien.
- Auka er størst blant dei yngste ungdommane.
- 2 av 5 ungdommar kjem i aktivitet i løpet av skoleåret, dei fleste av desse er i tiltak.
- Halvparten av ungdommane er i oppfølgingstenesta to år på rad. Dette er på same nivå som tidlegare år.
Fleire ungdommar i oppfølgingstenesta for andre år på rad
I koronaåra var det ein tydeleg nedgang i talet på ungdommar i oppfølgingstenesta. No ser vi at talet på ungdommar igjen aukar. Det er 700 fleire ungdommar i alderen 17 eller yngre i oppfølgingstenesta i år enn i fjor. Dette er nesten 20 prosent fleire enn i fjor. Om lag halvparten av desse ungdommane avbryt utdanninga si.
Færre ungdommar i oppfølgingstenesta dei siste 10 åra
Sjølv om talet på tilmeldte ungdommar i oppfølgingstenesta auka for andre år på rad, er talet framleis 4 500 færre enn for 10 år sidan. Det er ein nedgang på 23 prosent og kan sjåast i samanheng med auka gjennomføring i vidaregåande opplæring og lågare årskull. Under pandemien heldt talet på ungdommar i oppfølgingstenesta fram med å falla. Talet på ungdommar i oppfølgingstenesta har auka igjen dei siste to åra, men er framleis lågare enn før pandemien.
Frå 2022 til 2023 var det 3 000 (1,2 prosent) fleire ungdommar i Noreg i alderen 17 til 20 år. 5,7 prosent av alle ungdommar i Noreg mellom 17 og 20 år var i juni 2023 registrert i oppfølgingstenesta, som inneber at dei ikkje gjekk på skole eller hadde jobb. Talet for 2022 var 5,3 prosent.
Mange har ikkje søkt om skole- eller læreplass
Over ein tredel av ungdommane, 35 prosent, vart kontakta av oppfølgingstenesta fordi dei ikkje hadde søkt skole- eller læreplass. Delen som ikkje hadde søkt skole - eller læreplass er høgare blant gutar enn jenter. 30 prosent, eller 4 400 ungdommar, vart kontakta fordi dei slutta i skole eller lære i løpet av skoleåret. Dei resterande ungdommane har enten takka nei til plassen dei fekk (14 prosent), eller har andre grunnar til å ikkje vera i opplæring eller arbeid (21 prosent).
Fleirtalet av dei yngste er i oppfølgingstenesta fordi dei slutta i skole eller lære i løpet av skoleåret. Det gjeld nesten halvparten av dei som er 17 år eller yngre. Berre 14 prosent i den yngste aldersgruppa er i oppfølgingstenesta fordi dei ikkje har søkt vidaregåande opplæring. Blant dei eldste er det omvendt, 63 prosent av 20-åringane er tilmelde oppfølgingstenesta fordi dei ikkje har søkt vidaregåande opplæring, mens berre 13 prosent avbraut opplæringa i løpet av skoleåret.
2 av 5 ungdommar i oppfølgingstenesta i aktivitet
Formålet med oppfølgingstenesta er å sørgje for at ungdom i målgruppa får tilbod om opplæring, arbeid eller andre kompetansefremjande tiltak. I skoleåret 2022–2023 har 40 prosent av ungdommane byrja i opplæring, jobb eller tiltak etter å ha vore i kontakt med oppfølgingstenesta. Denne delen er 4 prosentpoeng høgare enn i juni 2019.
Det er stor variasjon mellom fylka både når det gjeld delen ungdommar dei ikkje har fått tak i (ukjend status) og delen som har komme i aktivitet. Delen ungdommar med ukjend status er høgst i Oslo med 40 prosent, mens han er lågast i Rogaland, Vestfold og Telemark og Innlandet. 64 prosent av ungdommane i Innlandet har komme i aktivitet i løpet av skoleåret, mens prosentdelen er 22 i Oslo.
Mange kjem ikkje i aktivitet
Om lag 8 200 gutar og 6 500 jenter var registrerte i oppfølgingstenesta skoleåret 2022–2023. Ein større del gutar byrja i opplæring, jobb eller andre aktivitetstiltak enn jenter. Om lag 41 prosent av gutane og 39 prosent av jentene har komme i aktivitet. Totalt var 24 prosent av ungdommane i tiltak i regi av Nav, og i tillegg var omtrent 5 prosent i ulike fylkeskommunale opplæringstiltak.
28 prosent av ungdommane har ikkje komme i aktivitet, men får oppfølging og rettleiing av oppfølgingstenesta. Nokre ungdommar har oppfølgingstenesta ikkje fått kontakt med. Dette gjeld 9 prosent av målgruppa til oppfølgingstenesta. Delen er høgare blant gutar enn jenter. Det er òg ei relativt stor gruppe, 9 prosent, som er sjuke eller i institusjon. Dette er 2 prosentpoeng mindre enn året før.
Over halvparten er i oppfølgingstenesta to skoleår på rad
Gjengangarar er ungdommar som er registrerte i oppfølgingstenesta to skoleår på rad. Av dei ungdommane som var registrerte i oppfølgingstenesta ved slutten av skoleåret i 2022, er meir enn 54 prosent tilbake i juni 2023. Dette talet er eit prosentpoeng høgare enn året før.
Det er forskjellar mellom dei ulike aldersgruppene. Dei yngste ungdommane kjem raskare tilbake til skolebenken eller i jobb enn dei eldste. I 2023 var 52 prosent av dei som er 17 år eller yngre gjengangarar. 19-åringane er i større grad i oppfølgingstenesta to år på rad. I 2023 var 58 prosent av ungdommane på 19 år gjengangarar.
Delen ungdommar som er i oppfølgingstenesta to skoleår på rad varierer frå 58 prosent i Agder til 47 prosent i Oslo.
Om statistikken
Statistikken viser kor mange ungdommar mellom 16 og 21 år som er registrerte i oppfølgingstenesta (OT). Ein tilmeldingskode angir årsaka til at ungdommen er registrerte i OT. Det kan vere ungdom som ikkje har søkt, som har takka nei, som har slutta i skole/lære eller av andre grunnar ikkje er i opplæring eller jobb. Statuskode angir kva som er hovudaktiviteten til ungdomen på rapporteringstidspunktet.
Statuskodane er delte inn i fire hovudgrupper:
- I aktivitet (ungdommar som har byrja i skole, arbeid eller tiltak)
- Avklart (ungdomen treng ikkje oppfølging på dåverande tidspunkt)
- Under oppfølging og rettleiing (ungdommar ein førebels ikkje har funne eit tilbod til)
- Ukjend (oppfølgingstenesta har ikkje fått kontakt med ungdomen)
I utrekninga av gjengangarar er ikkje 21- åringar med fordi dei ikkje lenger er i målgruppa til OT.
Fleire tal og analysar av gjennomføring
Elevar som har slutta i vidaregåande opplæring (Statistikkbanken)
Gjennomføring av læretida (Statistikkbanken)
Gjennomføring i Utdanningsspeilet
Ungdom utan og utanfor vidaregåande opplæring (Statistikkbanken)