Ein anerkjennande kultur i SFO
SFO skal ha eit miljø som fremjar leik, vennskap og fellesskap for alle barna, og eit miljø som stiller krav til omsorgskulturen i SFO. Her er mellom anna anerkjenning eit sentralt tema.
SFO skal vareta og møte behovet som barna har for omsorg, tryggleik, trivsel, tilhørsle og anerkjenning.
Rammeplan for SFO
Behovet for anerkjenning er eit av dei mest grunnleggjande psykologiske behova vi menneske har. Å anerkjenne andre menneske handlar om å vise gjennom ord og handling at vi ser, høyrer, respekterer og set pris på det andre gjer i kvardagen. Når vi anerkjenner kvarandre, kan alle oppleve at dei er verdifulle.
Tydeleg og god kommunikasjon med både barn og foreldre, og mellom tilsette, er viktig for god dialog og godt samarbeid og for at alle skal kunne delta aktivt. De som jobbar i SFO, jobbar for å realisere behovet for anerkjenning både hos dykk sjølve og hos andre.
Korleis anerkjenne barna?
De som jobbar i SFO, har mange gode høve til å anerkjenne barna, slik at dei kjenner seg verdsette. Dette kan de gjere ved å
- skape gode relasjonar til barna
- møte barna med å vise omsorg, varme og empati
- skape eit inkluderande fellesskap der barna får lov til å vere seg sjølve
- leggje til rette for at barna kan bruke interessene sine
- gi dei høve til å medverke
Det er viktig å skape gode relasjonar til barna fordi trivselen til barna blir påverka av korleis dei har det med vaksne. De kan skape gode relasjonar til barna ved å bli godt kjende med dei, og gjennom ord og handlingar vise at barna kan stole på dykk. Barn som har positive relasjonar til vaksne, har enklare for å lære og utvikle seg.
Vaksne som over tid viser barna at dei kan handtere kjenslene deira, til dømes glede, sinne og triste kjensler, bidreg til å styrkje barnas oppleving av seg sjølve. De kan handtere kjenslene til barna ved å vere bevisste på kva dei føler, hjelpe dei med å setje ord på kjenslene og lytte til det barna fortel om eigne kjensler. Barn som skal lære og utvikle seg, må kjenne seg trygge på personalet og omgivnadene.
Alle barn har rett til å bli høyrde. Dette betyr at barn skal få seie kva dei meiner, bli lytta til og oppleve at meiningane deira blir tekne på alvor. Barn som opplever at personalet er interesserte i meiningane deira, lærer at synspunkta deira har ein verdi for andre.
Korleis anerkjenne foreldra?
De som jobbar i SFO, møter foreldra jamleg. De kan anerkjenne foreldra på ulike måtar, mellom anna ved å
- sørgje for at foreldra kjenner seg velkomne på SFO
- gi dei høve til å komme med innspel på innhaldet i SFO og vise at innspela blir verdsette
- avklare kva foreldra kan forvente av SFO, og kva SFO forventar av dei
Møt foreldra med ei vennleg haldning. Enkle handlingar som eit smil, ein tommel opp eller ei hyggjeleg tilbakemelding vil gi foreldra ei positiv oppleving. Det er lurt å avklara roller og forventningar mellom SFO og foreldra, slik at samarbeidet blir til det beste for barna. Når foreldra får moglegheit gi innspel til SFO-kvardagen, får dei ei aktiv rolle i tilbodet. SFO kan involvere foreldra, til dømes gjennom dagleg kontakt og på ulike møtearenaer.
Korleis kan personalet anerkjenne kvarandre?
Kollegaer som hjelper og støttar kvarandre, bidreg til å byggje ein anerkjennande kultur. De kan anerkjenne kvarandre ved å
- skape ein delingskultur der alle opplever at det er trygt å dele kunnskapar, ferdigheiter og erfaringar i kollegiet
- vise at innspel frå kollegaer i form av forslag, idear og ønske blir sette pris på
- skape ein kultur der de hjelper og støttar kvarandre
Det er viktig at de er opne for å lære av kvarandre. Når andre verdset det vi bidreg med i eit fellesskap, utviklar vi eit positivt forhold til eigne eigenskapar og ferdigheiter. Når de deler og utvekslar erfaringar og kunnskap, bidreg de til å byggje ein god delingskultur. Tilsette som opplever at det dei seier og gjer, blir verdsett av kollegaer, yter meir, er meir lojale og kreative og trivst betre på jobben.
Ein kultur der de hjelper og støttar kvarandre kan motverke stress og uvisse og bidra til auka deltaking og innsats. Kvar enkelt kan bidra til å skape ein støttande kultur ved å gi ei hjelpande hand der det trengst, og ved å ta godt imot kollegaer som ber om hjelp og støtte.