Film: Berekraftig praksis

Rammeplanen peikar på den viktige oppgåva med å støtta opp under verdiar, haldningar og handlingar som fremjar ei berekraftig utvikling og eit meir berekraftig samfunn.

Berekraftig utvikling kan vera eit komplekst omgrep. I botn og grunn handlar det om å utvikla verda slik at vi som lever i dag får dekt behova våre, utan å øydeleggja for dei som kjem etter oss. Barn må læra å ta vare på naturen og forstå at dagens handlingar kan få konsekvensar for framtida.

Når barna får leika, undra seg, utforska og læra i naturen, utviklar dei naturglede og ei forståing av samanhengar. Ved å visa berekraftige haldningar og ta miljømedvitne val, kan de vaksne vera gode førebilete.

Refleksjonsspørsmål

  • Korleis er vi gode førebilete, og kva gjer vi i kvardagen som støttar ei berekraftig utvikling?

  • Korleis gir vi barna erfaringar som gjer at dei kan utvikla gode verdiar og haldningar overfor miljøet og naturen?

  •  Kva kan vera utfordrande for oss når vi skal vera med barna i naturen, gi dei naturopplevingar og utvikla naturglede?

Rammeplan for barnehagen

Rammeplan for SFO