Film: Barns medverknad

For å vareta retten barna har til medverknad må SFO involvera barna på ulike måtar. Barna må få høve til å uttrykkja si meining og bidra til innhaldet i sin eigen SFO-kvardag.

Barn uttrykkjer seg på mange ulike måtar. Derfor må dei vaksne mellom anna observera og tolka kroppsspråk, i tillegg til å vera i dialog med barna. For å få ei heilskapleg og relasjonell tilnærming til barns medverknad, må personalet jamleg reflektera over sin eigen praksis, vera lydhøyre overfor signala til barna og aktivt la synspunkta til barna få noko å seia for innhaldet i SFO.

Det er viktig å utvikla ei felles forståing av kva som ligg i barns medverknad, og korleis leggja til rette for det. I dette arbeidet vil dei vaksne sin kunnskap, verdiar og haldningar påverka.

Dette er eit stort og komplekst arbeid. Denne filmen kan brukast som grunnlag for refleksjon.

Refleksjonsspørsmål

  • Filmen snakkar om barns medverknad. Korleis forstår vi dette omgrepet?
  • Korleis jobbar vi for å vareta barns medverknad i vår SFO?
  • Kva gjer  vi for at barna skal få uttrykkja si meining og oppleva at dei blir tekne på alvor?
  • Korleis involverer vi barna i planlegginga av SFO-kvardagen?
 Rammeplan for SFO