Film: Den vaksne i leiken

Leiken har stor plass i SFO. Å leika er noko av det viktigaste barn gjer.

For at det skal vera gode vilkår og godt tilrettelagt for ulike typar leik på SFO, er haldningane personalet har til, kunnskap om og ferdigheiter i leik vesentleg. Dei vaksne har ulike roller i barns lek. Sjå gjerne denne filmen som eit utgangpunkt til å reflektera over eigen praksis.

Les meir om leik i SFO

Refleksjonsspørsmål

  • På kva måte kan leiken ha mykje å seia for den gode barndommen?
  • Korleis legg vi til rette for den gode leiken i vår SFO?
  • Kva roller inntek vi i leiken til barna?
  • Kva betyr det i praksis å verna, berika og stadfesta leiken?
  • Korleis medverkar barna i vår SFO?
  •  Korleis tek det fysiske miljøet vårt vare på behovet til barna for varierte leike- og utforskingsmoglegheiter?
Rammeplan for SFO