Film: Usystematisk og systematisk observasjon

Kva er forskjellen på å sjå noko og å observera noko? De som jobbar med barn gjer begge delar i løpet av ein arbeidsdag, og dette er ein føresetnad for å kunna vita noko om kvart enkelt barns utvikling og trivsel.

Observasjon er også viktig for å vera medvite og reflektert over eigen veremåte og praksis. Filmen går nærare inn på kva observasjon handlar om, og forklarer kva som ligg i omgrepa usystematisk og systematisk observasjon.

Refleksjonsspørsmål

  • Når observerer vi? Gi døme.
  • Observerer vi systematisk i arbeidet vårt? Korleis?
  • Korleis reflekterer vi saman over det vi har observert?
  • Har vi nokon døme på korleis vi har endra praksis etter at vi har observert?
Rammeplan for SFO

Rammeplan for barnehagen