Film: Kva er rammeplanen for SFO?
Rammeplanen for SFO er forpliktande, og skal sørgja for at alle barn får eit godt SFO-tilbod, same kvar dei bur.
Kvar dag går nesten 170 000 barn i SFO. Målet med rammeplanen er å bidra til ein likeverdig SFO av god kvalitet over heile landet. For å oppnå dette må vi jamna ut dei store kvalitetsforskjellane og variasjonane i SFO-tilbodet mellom kommunane, og mellom skolefritidsordningane i same kommune.
Rammeplanen varetek det lokale handlingsrommet, eigenarten og tradisjonane hos kvar enkelt SFO. Dermed kan kvar SFO halda fram med å gjera det dei er gode på, i tillegg til å bruka rammeplanen som eit arbeidsverktøy for å gjera tilbodet endå betre.