Overgangen frå barnehage til SFO
Overgangen frå barnehage til SFO og skole er ein milepåle for barn. Dei fleste byrjar i SFO før første skoledag, og SFO har derfor ei viktig rolle i denne overgangen.
Særleg for barn på 1. trinn som startar i SFO før den første skoledagen sin, speler SFO ei viktig rolle i oppstartsfasen. SFO skal støtte barna den første tida for å bidra til at barna opplever tryggleik og tilhøyrsle.
Rammeplan for SFO
Barn har mange forventingar når dei skal byrje i SFO og skolen. Mange gler seg til å oppleve noko nytt, som å knyte nye vennskap og relasjonar og å møte eit nytt leike- og læringsmiljø. Sjølv om dei aller fleste har gått i barnehage og er vane med å delta i fellesskap utanfor heimen, vil skolestartarane oppleve at mykje blir annleis. Dei forlèt eit fellesskap som består av barn og personale i barnehagen, for saman å utvikle eit nytt fellesskap i SFO og skole.
Det første møtet med skolen
Barn skil ikkje alltid mellom skole og SFO, og dermed blir SFO det første møte deira med skolen. Barna bør få høve til å bli bevisste på kva SFO er, og kva skole er, og at det er to ulike arenaer. Her bør SFO og barnehagen samarbeide i overgangsfasen.
Ifølgje rammeplan for barnehagen skal barnehagen mellom anna bidra til at barna får bli kjende med kva som skjer i skolen og SFO. Det er viktig at også personalet i SFO er med i samarbeidet om denne overgangen. Barnehagane kan samarbeide med SFO om ulike tiltak, som at barna får møtast i det mye miljøet sitt før skolestart. Også barn som ikkje går i barnehage, bør få vere med på dette. SFO må legge til rette for leik og aktivitetar som gjer at barna bli kjende på tvers.
Å bli kjend med SFO-miljøet
Barn har mange og ulike forventningar, og dei møter det nye leike- og læringsmiljøet i SFO med bakgrunn i eigne erfaringar, interesser og idear til aktivitet og leik. SFO er ei unik moglegheit til å gjere barna kjende med det nye fysiske miljøet deira før skolestart.
Eit nytt og større leike- og læringsmiljø kan gi mange moglegheiter, men nokre barn kan òg oppleve det som uoversiktleg og utrygt. Derfor kan dei òg grue seg til alt dette nye dei vil møte. Det er viktig at personalet observerer leiken og aktivitetane til barna, vurderer om alle barn får høve til å delta, og legg til rette for at alle barn kan delta, med utgangspunkt i interessene deira.
Å få venner er spesielt viktig, og barna kan vere bekymra for at dei ikkje vil få venner i SFO og skolen. Dei kan sakne barn og vaksne dei kjenner frå barnehagen, og vere usikre på om vaksne og andre barn i SFO og skolen vil leike dei. SFO gir unike moglegheiter for at barna kan utvikle vennskap allereie før skolestart.
Men vennskap utviklar seg ikkje av seg sjølve. Relasjonar, både barna imellom og mellom barna og de vakse, byggjer gjerne på felles interesser og erfaringar. At barna har nokre felles erfaringar før dei byrjar i SFO, kan gjere oppstarten tryggare. Felles erfaringar kan bidra til at alle barn har høve til å delta aktivt i eit nytt leikemiljø.
Leike- og læringsmateriell som barna kjenner att
SFO skal leggje særleg vekt på sjølvvald leik og andre barnestyrte aktivitetar. Initiativa barn tek i leik, byggjer gjerne på tidlegare erfaringar frå barnehage og heim. Derfor bør personalet i SFO ha ein viss kjennskap til leikeerfaringane dei nye barna har frå andre arenaer, og leggje til rette for at dei kan oppleve samanhengar mellom arenaene.
Leike- og læringsmateriell som barna kjenner att, kan bidra til at barna opplever samanhengar, og til at dei får moglegheit til å delta aktivt i det nye miljøet sitt. Dei felles erfaringane barna har med materiellet, legg til rette for at dei kan vidareutvikle felles leik og aktivitet.
Betydninga av eit samarbeid på tvers
Overgangen frå barnehage til SFO og skole er ein milepåle for barn. Korleis barna opplever overgangen har mykje å seie for trivselen og læringa deira vidare i skolen. Samarbeid på tvers av arenaer er derfor viktig når ein overgangspraksis skal utviklast.
Heimen er vanlegvis det mest stabile og kan derfor reknast som den aller viktigaste arenaen i eit barneliv. Foreldre kan gi særleg verdifull kunnskap om interessene, forventningane og dei eventuelle bekymringane barna har, og det bør være tett dialog mellom heim og SFO under oppstarten. SFO har ansvaret for å leggje til rette for eit godt samarbeid med heimen og skal vere i dialog med foreldra før oppstarten i SFO.